Velkommen til Damenes aften den 17. oktober kl. 19, ein kveld med gode smakar, velvære, inspirasjon og sosialt samvær.
Du får:
- Ulike smakar i glaset med eller utan alkohol
- Herleg hudpleie og mjuk hud
- Råd og tips til hud og sminke
- Flott goodiebag
- Noko å bite i
Det blir topp stemning, god servering og nyttige tips og inspirasjon til hud, sminke og fargar.
Mari Håland har med seg ei rekke produkt frå Mary Kay som vi får prøve i løpet av kvelden. Ho vil også gje individuelle råd som kan vere gode å ha med seg inn i ein ny sesong med festlegheiter og stas.
Det blir også mogleg å handle i utsalet.
Ta med deg ei veninne, mor, dotter eller søster, og få ei koseleg velværestund saman.
PRAKTISK INFO:
Påmeldingsfrist 16.10.
Begrensa plassar, 20 stk, så meld deg på.
490,- kr per person
Frå Vassenden/Førde passar det å ta rutebuss til og frå dette arrangementet:
- Frå Førde/Vassenden: Ankomst kl 1852
- Til Førde/Vassenden: Avreise kl 2120
https://entur.no/
Hjarteleg velkommen skal du vere!