Gjer deg klar for latter frå første sekund! Vi slår til med ein skikkeleg humorkveld på Haavebua i Florø onsdag 16. oktober. Dette er ein kveld for alle som elskar god humor - alle aldrar er velkomne!
Dørene opnar: 18:00 | Aldersgrense: 18 år
Standup-showets stjerner:
Hallvard Dyrnes (konferansier) - Hallvard debuterte som standup-komikar i 2016 og har sidan reist landet rundt med humor som treff både små og store situasjonar. Du har kanskje sett han i Latter Live og Hvite Gutter på TV, eller på TikTok, der han har bygd opp ein solid følgerskare med treffande humor og sjarm. Som konferansier for kvelden sørger han for at stemninga blir på topp frå første stund.
Christer Torjussen - Christer er ein veteran i humorfaget med over 25 års fartstid på standupscenen og har treffsikker humor, høg gjenkjenningsfaktor og ein god porsjon selvironi som varemerke. For å sitere Fredrik Rütter i Tønsbergs Blad: Torjussen er den rene mitraljøsen, og poengene renner ut i raskt tempo! I tillegg til å vere fast inventar på Latter i Oslo har han turnert konstant sidan debuten i 1999 og har tre soloshow på merittlista, mellom anna “Drittpappa” som fekk strålande mottaking og fleire seksarar på terningen, etterfølgt av «Idiot» og «MidtlivsChrister». Han gjekk òg viralt på nettet under pandemien med «Tid for Bok» der han bytte ut ord frå fagbøker og fekk etter kvart millionar med visningar. Torjussen har òg motteke Komiprisen for beste standup, samt den prestisjetunge Stå Opp-prisen.
Henriette Holtmann - Henriette er kvinna bak standup-konseptet Gå Planken! Standup, som til vanleg held til på MS Bjørvika i Oslo. Med hennar erfaring frå å invitere lokale standup-helter til unike show kan du vente deg eit fett innslag denne kvelden.
Robert Myklebusthaug - Robert er ein bergenser i Oslo med ein herleg persona på scena. Historier frå kvardagen og jobben i kundeservice blir presentert med timing og humor som treff midt i blinken.
Arielle Osmundsen - Arielle er eit komikerstjerneskudd som garantert vil få publikum til å bryte ut i latter med sitt standup-innslag.
Dette er ein kveld du ikkje vil gå glipp av! Ta med vener, familie og kollegaer, og nyt ei kveld fylt med latter og god stemning.
Har du lyst til å bli betre kjent med næringslivet i regionen og utvide nettverket ditt? Då bør du ta turen innom Hausttreffet på dagtid - Meir informasjon:
https://aksello.no/bli-med-pa-hausttreffet-16-oktober/