Ei feiring av forteljekunsten og Jakob Sande!
Gjennom mange år har Jakob Sande - selskapet arrangert "Fest i Fjaler". I 2025 markerer vi også at det er fem år sidan Jakob Sande - senter for forteljekunst opna. Sidan opninga i 2020 har Sandesenteret bygd opp eit vitalt senter for forteljekunst med eit variert innhald med røtene godt festa i det nynorske kulturmiljøet kring Jakob Sande og diktinga hans. 8. - 10. august markerer vi jubileet med eit variert program innan forteljekunst. Det vert samtalar, konsertar, utdeling av samlagsprisen, vandringar og urframføringar.
På programmet finn du mellom anna:
Fredag 08.08:
1700: Lansering av Sandesenteret sitt eige tidsskrift, Tidsskriftet Jaja, si første fysiske utgåve.
1800: Utdeling av Samlagsprisen ved Ingvild Bræin og Arve Helle.
1930: Nynorsk slagersongkviss ved Arild T. Olsen
2100: Folkemusikkpub med Havbrusen Folkemusikklag
Laurdag 09.08:
1200: Samtale mellom Kjartan Hatløy og Sivert N. Nesbø
1300: Internasjonal fabeldag med LPC
1400: Samtale mellom Katrine Sele og Theresa Grøtan
1500: Samtale mellom Ove Eide og Ingvild Bræin
1600: Eit møte med Sverre Kvamme og Ingvar Nistad
2000: Augustikveld i Klokkargarden med program med mellom andre Halvor Folgerø, Siri Sande, Kjersti Wøien Håland, politikarar, Kjetil Stavenes, Baksaas & Høyer, Mute mode.
Sundag 10.08:
1200: Kåseri med Halvor Folgerø. Introdusert av Gunnstein Akselberg.
1400: Forteljesalong med Vivian Midttveit.
1900: Konsert med Line Dybedal med band i Dale kyrkje.
Følg med på www.jakobsande.no for oppdatert program og billettar.
You may also like the following events from Jakob Sande-senter for forteljekunst:
Also check out other
Festivals in Førde,
Concerts in Førde,
Music events in Førde.