Eit møte med Ingvar Nistad og Sverre Kvamme, 9 August | Event in Førde | AllEvents

Eit møte med Ingvar Nistad og Sverre Kvamme

Jakob Sande-senter for forteljekunst

Highlights

Sat, 09 Aug, 2025 at 04:00 pm

Nikka Vonens veg 31 - 35, 6963 Dale i Sunnfjord, Norway

Advertisement

Date & Location

Sat, 09 Aug, 2025 at 04:00 pm (CEST)

Nikka Vonens veg 31 - 35, 6963 Dale i Sunnfjord

Nikka Vonens veg 31, 6963 Dale, Norge, Førde, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

Eit møte med Ingvar Nistad og Sverre Kvamme
Far og son, dikt og film: Ingvar Nistad, lyrikar frå Fjaler, og sonen Sverre Kvamme, filmskapar frå Fusa, møtast på Ingvars heimebane under Fest i Fjaler. Nistad deler dikt frå sitt særeigne poetiske univers, medan Kvamme viser ein personleg kortfilm om bestemor Gunnlaug og hennar liv som den siste gjenlevande i Nistadlia i Dalsfjorden.

Ingvar Nistad (f. 1954) er forfattar og lyrikar frå Fjaler. Nistad debuterte med diktsamlinga Eg les denne steinen i 2000. I 2008 ga Nistad ut si andre bok, Dagane i Cholpon-Ata. Her presenterer han eit heilt særeige univers der forteljaren vandrar ved innsjøen, i gatene og sit i hagen under frukttrea. Slik er dagane i Cholpon-Ata, og slik flettar forteljingane seg saman til ei diktbok heilt utanom det vanlege. Under Säfstaholmen er Nistad si tredje bok. Først er det ein son som har ordet, han vitjar faren; den geografiske ramma er Pfalz. Sidan er staden ein annan, og no har faren ordet; han pratar med seg sjølv, han talar til veggene.

I tillegg til forfattargjerninga er Ingvar Nistad også keramikar og lærar. Han bur i Fusa.

Ingvar kjem heim til Fjaler saman med sonen sin, Sverre Kvamme. Sverre Kvamme har en bachelorgrad i samtidskunst, studerte film ved European Film College i Danmark og Nordland kunst- og filmhøgskole. Han har ei personleg tilnærming til eigen prosess som filmskapar, og utforskar tematikk rundt kjønn, barndom, død og sorg. I 2021 langfilmdebuterte han med dokumentaren Nattebarn. Under Fest i Fjaler viser Sverre ein kortfilm han har laga om bestemor si, Gunnlaug, frå tida då ho var den siste gjenlevande i Nistadlia i Dalsfjorden. Der kor tida gjekk sakte og ein hadde god tid til det meste.

Billettar i Ticketco eller i døra.

Programpost i samarbeid med Rom for ord.


You may also like the following events from Jakob Sande-senter for forteljekunst:

Also check out other Entertainment events in Førde, Festivals in Førde, Arts events in Førde.

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

Tickets for Eit møte med Ingvar Nistad og Sverre Kvamme can be booked here.

Advertisement

Event Tags

Nearby Hotels

Nikka Vonens veg 31 - 35, 6963 Dale i Sunnfjord, Norway, Nikka Vonens veg 31, 6963 Dale, Norge, Førde, Norway
Reserve your spot

Host Details

Jakob Sande-senter for forteljekunst

Jakob Sande-senter for forteljekunst

Are you the host? Claim Event

Advertisement
Eit møte med Ingvar Nistad og Sverre Kvamme, 9 August | Event in Førde | AllEvents
Eit møte med Ingvar Nistad og Sverre Kvamme
Sat, 09 Aug, 2025 at 04:00 pm