Tur på Galdhøpiggen for ungdom og vaksne, 12 August | Event in Dombås | AllEvents

Tur på Galdhøpiggen for ungdom og vaksne

DNT Gudbrandsdalen

Highlights

Tue, 12 Aug, 2025 at 09:00 am

Galdhøpiggen 2469 m.o.h.

Advertisement

Date & Location

Tue, 12 Aug, 2025 at 09:00 am (CEST)

Galdhøpiggen 2469 m.o.h.

Sognefjellsvegen 7, 2686 Fossbergom, Norge, Lom, Norway, Dombås

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

Tur på Galdhøpiggen for ungdom og vaksne
Er du ny i Gudbrandsdalen og drøymer om ein tur på Galdhøpiggen? Kanskje du har budd her heile livet og aldri teke turen til toppen av Noreg? Eller kanskje det rett og slett berre tek til å bli mange år siden sist?


12. august inviterar DNT Gudbrandsdalen ungdom og vaksne frå heile Gudbrandsdalen til fellestur på Noregs tak. Turen går i rolle tempo og våre lokalkjente turleiarar fortel gjerne om det vi har rundt oss, historia, landskapet og utviklinga av området sidan fjellturismen starta opp fyrst på 1800-talet.


Turen starter frå Juvasshytta, 1840 moh Frå her er det er 5,5 km og 630 høgdemeter til toppen. Fyrste etappe går om lag 1,5 time i steinur og slakt terreng inn til Styggebreen. Etter ei matpause ved brekanten bitt vi oss i taulag, og brukar om lag ein time over isbreen. Siste og tyngste etappe går opp "Piggeura" som ikkje er så lang, men noko brattare. Totalt reknar vi om lag 7 timar på turen, og det er medrekna gode pauser undervegs.


Denne turen passar for ungdom over 13 år og vaksne. Har du barn under 13 år, har vi familietur 11. august.


Dato: 12. august 2025

Oppmøte: Juvasshytta klokka 09.00

Buss: Buss frå Lom sentrum 07.45 som er på Juvasshytta 08.40Retur med buss til Lom klokka 15.45 eller 17.15.

Bil: Bomveg ved Raubergstueln kr. 150.

Utstyr: Du får nødvendig utstyr for å krysse bre ved start av turen.


Påmeldingsfrist: 1. august på DNT Gudbrandsdalen si nettside. TRYKK FINN BILLETTER for lenke til påmelding

Lengde: Totalt 11 km km og 630 høgdemeter

Varigheit: 7-8 timar

Nivå: Ungdom og vaksne

Turleiar: Fyrst og Fremst v/Iver Lund Aakre i samarbeid med Unge Naturtalent frå DNT Gudbrandsdalen


Pris:

Vaksen: 150 kr

Ungdom 13 - 25 år: 100 kr. GRATIS om du er medlem i DNT!


Turen er åpen for alle, men vær eller bli gjerne medlem i DNT Gudbrandsdalen: https://www.dnt.no/medlem/

Da bidreg du til at vi kan arrangere enda fleire turar og aktivitetar heile året.

Gratis plass: Har du behov for gratis plass og buss frå Lom? Vi har gratis plasser. Send mail til YW5pdGEgISBoYXVnZW4gfCBkbnQgISBubw==, så ordnar vi det. Du treng ingen søknad eller dokumentasjon.


Pakkeliste:

Forslag til dagstursekk (ca 25-35 liter) og bekledning:

Gode fjellsko, gjerne med stiv såle og støtte rundt ankel (NB: gummistøvlar, cherrox og joggesko er ikkje å anbefale)

Ullundertøy innerst

Vann og vindtett jakke og bukse

Fleece, evt. dunjakke til å ha i pausane

Varme vottar/hanskar og lue

Godt fottøy (ikkje joggesko, menn fjellsko)

Solbriller og solkrem

Varm / kald drikke

Solid nistepakke

Teip og gnagsårplaster


You may also like the following events from DNT Gudbrandsdalen:

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

Tickets for Tur på Galdhøpiggen for ungdom og vaksne can be booked here.

Advertisement

Nearby Hotels

Galdhøpiggen 2469 m.o.h., Sognefjellsvegen 7, 2686 Fossbergom, Norge,Lom, Norway, Dombås

Just a heads up!

We have gathered all the information for you in one convenient spot, but please keep in mind that these are subject to change. We do our best to keep everything updated, but something might be out of sync. For the latest updates, always check the official event details by clicking the "Find Tickets" button.

Reserve your spot

Host Details

DNT Gudbrandsdalen

DNT Gudbrandsdalen

Are you the host? Claim Event

Advertisement
Tur på Galdhøpiggen for ungdom og vaksne, 12 August | Event in Dombås | AllEvents
Tur på Galdhøpiggen for ungdom og vaksne
Tue, 12 Aug, 2025 at 09:00 am