Bli med på ei spennande tur til Helvete Naturpark i Espedalen, Sør-Fron kommune – heimstaden til Nord-Europas største jettegryter. Dette er ei unik oppleving for heile familien, med både natur, historie og moro for alle aldrar. Etter turen blir det grilling og leik i familieparken.
Om turen
📅 Dato: 24. august
🚗 Oppmøte: Vi samkøyrer frå Vinstra Park kl. 10.00. Vi parkerer bilane på parkeringsplassen ned til Helvete.
📝 Påmeldingsfrist: Onsdag 20. august - trykk Finn billett
📏 Lengd: Ca. 1 km tur/retur
⏱️ Varigheit: Ca. 1 time + grilling og leik i parken
🥾 Nivå: Middels krevjande
👨👩👧 Passar for: Familiar med born frå 5 år
📍 Innlandet, Sør-Fron kommune, Espedalen
🧭 Turleiar: Cathrine Elserud Nygård (📞 951 22 464)
💰 Pris: Det er gratis å delta og alle er velkomne.
📣 Hugs påmelding så vi veit kor mange som kjem!
Om jettegrytene i Helvete
Jettegrytene vart danna for rundt 10 000 år sidan, mot slutten av siste istid. Når innlandsisen smelta, førte store mengder vatn med seg stein og grus som rota i virvlar og grov ut dei imponerande grytene vi ser i dag. Dei største grytene er opptil 40 meter djupe og 20–30 meter breie. Helvete Naturpark har vore driven av Dalbakken gard sidan 1954, og vart verna som naturreservat i 2013. Området er kjend for sin gamle granskog, bekkekløfter og eit rikt artsmangfald (helvete.info).
Om familieparken
Etter turen samlast vi i familieparken, der DNT Gudbrandsdalen stiller med grillmat, og inngangen til parken er dekka av oss. Her kan både store og små leike og kose seg saman.
Familieparken har ein stor gapahuk med grill, husdyr som geiter, sauer, hestar og gris, samt ei leikeplass med balanseløype, trampoline, klatrevegg, stylter og tautrekking. I tillegg finst aktivitetar som ringspel og utfordringar på dammen (helvete.info).
Viktig å vite
Turleiaren vår er ein frivillig ildsjel som deler si turglede på fritida for at alle skal få høve til å oppleve naturen på ein trygg og hyggeleg måte. Vi oppmodar alle til å bli medlem i DNT Gudbrandsdalen for å støtte arbeidet vårt med å tilretteleggje og arrangere turar og opplevingar i vårt vakre nærområde.
Alle er hjarteleg velkomne!
You may also like the following events from DNT Gudbrandsdalen:
Also check out other
Sports events in Lillehammer.