Beskriving av turen:
Bli med på ein flott dagstur til Heidalsmuen (1 745 moh), eit kjend og markant fjell i Heidal. Turen byr på variert terreng, frå bjørkeli til snaufjell, og gjev ei spektakulær utsikt over Heidal, Jotunheimen, Rondane og fjella i Skjåk. Vi startar frå Geitsetra på Breistulen og går gjennom bjørkelia før vi kryssar Sandåa og tek fatt på eit brattare parti med noko laus ur. Det er ikkje luftig, men krev litt god fot.
Dette er ein klassisk topptur for deg som er glad i fjell, utsikt og frisk luft.
Dato: Laurdag 30. august 2025
Oppmøte: Geitsetra på Breistulen kl. 09.30
Påmeldingsfrist: Torsdag 28. august 2025 - trykk finn billett!
Lengde: Ca. 10–12 km tur/retur
Varigheit: Om lag 5–6 timar inkludert pausar
Nivå: Middels – turen passar for fjellvande deltakarar med normalt god fysisk form
Passer spesielt for: Vaksne og ungdom over 12 år som er vande med å gå i fjellet
Fylke, kommune og område: Innlandet fylke, Sel kommune, området Breistulen i Heidal
Turleiarar:
Magnar Bratlien – tlf. 950 11 395
Helle Hovden – tlf. 948 84 280
Pris: Gratis – alle er velkomne. Ta med eigen mat og drikke
Kart: Skåbu 1718 II
Våre turleiarar er frivillige og bruker si eiga fritid på å dele turglede med andre. Alle er velkomne – uansett erfaring. Bli gjerne medlem i DNT og støtt arbeidet for eit aktivt og inkluderande friluftsliv!
You may also like the following events from DNT Gudbrandsdalen: