🎉 Velkomen til kakebursdag på Mandelhuset – sundag 22. juni! 🎈
Gratis arrangement for små og store ute på bryggekanten hos oss på Mandelhuset.
Mandelhuset fyller 30 år, og det feirar me med ein skikkeleg familiebursdag på sundagen. Klovnen Knut kjem til Tysnes, og me lagar 500 kakestykke, så her er det berre å ta med heile familien og møta opp!
🕛 Start kl. 12:00
🎪 To show med Klovnen Knut, ein av Norges mest allsidige og morosame klovnar!
🎈 Ballongkunst, sjonglering, tryll og tøys
🎂 Gratis kake og god stemning for alle
🍴 Restauranten er open heile dagen for søndagsmiddag og lunsj
Klovnen Knut byr på ekte familieunderhaldning: frå trylletriks og musikalske unoter til tallerkenspinn og buktaling, alt med glimt i auget og høg publikumskontakt. Showa passar både born og vaksne, og me garanterer latter og applaus frå start til slutt.
Programmet varer frå kl. 12:00 til ca. 14:00
Alt er gratis, men det lønner seg å komma i god tid.
Ta med besteforeldre, tanter, onklar og naboar – dette blir ein festdag for heile familien!
Velkomen til ei minnerik og latterfylt feiring på Mandelhuset!
You may also like the following events from Mandelhuset:
- This Friday, 20th June, 08:00 pm, Mandelhuset 30 år, gratiskonsert med TBA - meld deg på! in Bergen
- Next Thursday, 26th June, 09:00 pm, Sommarquiz på Mandelhuset in Bergen
- Next month, 5th July, 10:00 pm, Bryggedans på Mandelhuset - Creedence Forever in Bergen