Utandørs teater for store og små i Håsteinarparken!
Det er duka for storslått piknik i dyreriket!
Møt den forsiktige Moldvarp, den sjølvsikre Rotta, gamle Herr Grevling og den heilsprø småkongen Padda! Opplev ein dag som skulle starte så flott og roleg, men som fort vert farga av Paddas fart, sprell og heilsprø påfunn!
Vi inviterar inn i universet til “Det suser i sivet”, den britiske barnebok klassikaren av Kenneth Grahame, skriven i 1908.
Ei morosam og koseleg utandørs teateroppleving for store og små.
Frå 3 år
Varigheit: ca. 1 time
Oppmøte: Helgeplassen i Håsteinarparken (sjå etter beachflagg og vakt i gul vest)
Alt foregår utandørs, så hugs å kle deg og dine etter véret.
På slutten av stykket inviterar vi publikum på piknik saman med oss, ta gjerne med noko smått å ete og drikke til dette.
Basert på boka av: Kenneth Grahame
Dramatisert av: Eventyr i Parken, Tora Troe og Adele Duus
Skodespelarar: Thomas B. Brandt, Kristine Alida Grønsdal Netteland, Stine R. Svellingen og Kristian Garmandslund.
Scenograf- og kostymedesignar: Tora Troe
Kostymeassistent: Signe Duus
Regissør: Adele Duus
Musikalsk ansvarleg og musikar: Elise Nonseid
Musikalsk medhjelpar: Kaja Linder Henriksen
Produsent: Stine Svellingen
PR-ansvarleg- og manusbidrag: Lina Taule Fjørtoft
Støtta av: Kulturdirektoratet, Bergen kommune, Grieg foundation, Kulturtanken, Fond for utøvende kunstnere (FFUK), Westfal Larsen Allmennyttige Fond og Bergen Teater og Dramatiske selskap A/S.
Takk til: Laksevåg historiske forening
Forestillinga arrangeres i samarbeid mellom Bergen Offentlige Bibliotek, Fyllingsdalen og Laksevåg kulturkontor, Laksevåg Kirke og Damsgårdsdagene.
Arrangementet er gratis, men har påmelding for å sikre at alle får plass i parken.
Restriksjonar
Vi har eit ungt publikum med ulike tilnærmingar til dyr, vi ynskjer difor at du ikkje tek med hund.
Eventyr i Parken er eit Bergensbasert teaterkompani som sidan 2018 har jobba med å skape unike teateropplevingar for barn og unge ute i naturen. I 2021 vart kompaniet nominert til “Bergens beste barneoppleving” i BT, og i 2023 mottok kompaniet Bergen Teaterforenings pris "Rampeløkten" for sitt nyskapande arbeid. Eventyr i Parken inviterar no liten og stor ut, og inn i vår skogsverd for å sjå ting ikring oss, på ein heilt ny måte. Meir om Eventyr i Parken: www.eventyriparken.no
You may also like the following events from Laksevåg bibliotek: