For sjette år på rad inviterer me til sumaravslutning på Fjordslottet!
Heile næringslivet på Osterøy og våre samarbeidspartnarar vert invitert til ein uformell hagefest på Fjordslottet. Me kan ikkje lova sol, men me lovar god stemning, velkomstdrikk, underhaldning og triveleg lag – minst like bra som i fjor!
Velkomen er både du som jobbar aleine, og de som er mange! Hagefesten er open for heile næringslivet – små og store verksemder, gründerar og etablerte aktørar. Dette er den viktigaste uformelle møteplassen for næringslivet på Osterøy.
Plassane fyllest fort, så meld deg gjerne på med det same!
Me kryssar fingrane for at det blir strålande sumarvær, så ta på sumarklede, solbriller og solkrem!
Me startar kl.18.30, men det går fint å komme seinare om du ikkje skulle sleppa frå fjøsen i tide.
Pris kr 980 for gründerar og medlemmar av VisitOsterøy, Osterøy Industri- og Næringslag, samarbeidspartnarar, eller ein av dei lokale bondeorganisasjonane.
Pris kr 1190 for ikkje medlemmar.
Prisen inkluderer triveleg selskap, mat, velkomstdrikke, underhaldning og billettavgift.
Beste helsing frå festkomiteen
Siren, Veronica, Åse og Tobby
☀️😊💃🏻