Naturmøteplass i Parken med besøk av Eventyrgutten John
Vi opnar sesongens fyrste Naturmøteplass i Parken med eit kjempebra kurs. Her får du vere med Eventyrgutten, John Hobberstad, ut på eventyr for å lage gode og smakfulle rettar på bål. Du vil lære nyttige tips og triks rundt det å tilberede mat på bål, noko som kjem godt med når du skal ut på eigenhand. Du får lære å kokkelere over opne flammar og får sjølvsagt spise maten du lagar.
Sitat:
Etter fleire år på tur, har eg lært ein ting og to om matlaging over bål. Dette er kunnskap eg meir en gjerne vil dere vidare. På denne turen vil du som deltakar jobbe i små grupper for å lage ein tre-retters over bålet. Målet er at du skal sitte igjen med ei betre forståing for korleis vi enkelt kan lage god mat på bål, og kva ein må tenke på når ein kokkelerar over opne flammar. På turen gir vi ordtaket "Learning by burning" ei ny betyding.
-John Hobberstad
Et kurs varer i ca 2,5 til 3 timer.
Kan du ikkje delta på dette tidspunktet, fortvil ikkje - han skal også ha eit foredrag på Herøy folkebibliotek seinare -same dagen!!
Dette arrangementet er ein del av prosjektet "friluftsliv for alle i Herøy 2025" og er sponsa av Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre.
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No
Undo
Interested
Ticket Info
To stay informed about ticket information or to know if tickets are not required, click the 'Notify me' button below.