Velkommen til nye yogakurs på ØYOGA.
Det er fleire gode grunnar for å prioritere eit heilt kurs:
1- Større forutsigbarhet både for deg og for oss
2- Dørstokkmila er mykje lettare å vinna over då du allereie har bestemt deg for å prioritere denne tida til deg sjølv og praksisen din
3- Kontuinitet i praksisen gir deg større fysisk, mental og personleg utbytte
4- Kontuinitet gjer at me som instruktørar blir betre kjende med deg og dine utfordringar og behov
5- Du blir ein del av eit inkluderande og varmt miljø, og me blir rikare av å ha DEG med på laget
Me held kurs over sju veker fom.v.34 tom.v.40 - frå skulestart til haustferien for dei som føl skuleruta.
Timeplanen:
Mandagar kl.18:00-19:15 Hatha Yoga med Anita (kún 3 ledige plassar att)
Mandagar kl.19:45-21:00 Mjuk Flyt med Susanne
Torsdagar kl.18:00-19:15 Hatha Yoga med Anita
Torsdagar kl.19:30-20:45 Yin Yoga med Anita
Pris:
Kurspris: 1.600kr.
Drop-in: 250kr. (dersom det er ledig kapasitet på kurs - eller til enkeltklassar)
Hatha Yoga: Grunnsteinen hos ØYOGA - den stilarten dei fleste andre stammar frå. Målet med Hatha Yoga er å balansere dei motstridande kreftene i oss sjølv, slik at me kan oppnå meir harmoni. Det gjer me gjennom pranayama, oppmerksomt nærvær, asana, meditasjon og shavasana. Øvingane me går gjennom utfordrar både styrke, balanse, koordinasjon og fleksibilitet. Klassen passar best for deg som har gjort litt Yoga frå før, men alle er velkomne.
Mjuk Flyt: Me jobbar sakte og skånsomt gjennom flytande rørsler og mjuke strekkar. Det meste føregår liggande eller sittande så intensiteten vert heldt nede. Øvingane er tradisjonelle Yoga-asana, men sett saman og utført på ein måte som ikkje krev så mykje styrke og uthaldenheit. Varmen i kroppen blir bygd opp av jamn pust og repetisjonar, så effekten vil kjennast likevel. Klassen passar for deg som ynskjer ei motvekt til ein travel kvardag, stor fysisk belasting heime eller på jobb, eller har skadar/vondtar du bygger deg opp frå. Denne yogaforma er også god for nybyrjarar då tempoet gir rom for justeringar og meir forklaring.
Yin Yoga: Denne Yoga-stilen har fått ein kjær plass i hjarta til mange, og er sjølvsagt med på timeplanen også denne gongen. Her skjer alt liggande eller sittande på golvet i sakte tempo. Me held som oftast dei passive posisjonane i 3-5 minutt kvar, slik at bindevevet får tid til å respondera og gi etter. På den måten kan me hjelpa kroppen tilbake til eit meir nøytralt utgangspunkt, for å unngå skadar/vondtar og vedlikehalda god mobilitet i ledd og senefester. Her blir me kjend med våre eigne reaksjonsmønster og styrkar evna til å halda oss roleg i ubehag og motgong. Ikkje for gravide.
Anita Myhre Gravdal er sertifisert yogainstruktør innan Hatha Yoga (200h), Yin Yoga (30h), Gravid Yoga (65h), Mamma & Baby Yoga (15h), og har drive ØYOGA-studioet sidan 2017. Dette har bidrege til å gi ho ein brei fagleg tyngde og trygghet i undervisninga. Anita sine klassar tar utgangspunkt i det grunnleggande, trygg og kontrollert utføring av øvingane for den enkelte, der pusten er styrande for progresjon og opplevinga av samansmelting mellom kropp og sinn. Det å få kjenna korleis me er heilstøypte vesen, at me høyrer til i oss sjølve og i ein større samanheng er viktig for Anita, og ho håpar at ØYOGA kan vera ein stad som opnar opp for dette.
Susanne Nordvang Nesse er sertifisert yogainstruktør innan Hatha og Yin (200h), ho har ei femårig utdanning innan helse og kosthald og er utdanna mentaltrenar. I tillegg ser ho på eigne erfaringar på feltet som viktige bidragsytarar til god forståing og kunnskap. Som du skjønar har ho eit heilhetleg syn på helse og brenn for å fremja val som gjer godt for heile individet - både psykisk, fysisk og emosjonelt.
For dei av dykk som ikkje fekk brukt opp klippekorta dykkar i sommar, kan de velge mellom å bake det inn i prisen for kurs, eller forsetje å bruke det til drop-in-timar utover hausten/vinteren. I tillegg til kursa er tanken å setje opp enkeltklassar no og då, til dømes laurdags morgon eller søndags kveld. Eventuelle ledige plassar på kurs vert tilgjengelege for drop-in.
Påmelding skjer på mail til
cG9zdCAhIG95b2dhIHwgZ21haWwgISBjb20=. Skriv kva kurs du ynskjer å melda deg på og eventuelt om du ynskjer å nytta klippekort som del av betalinga. Du vil få svar på mailen med bekrefting på din plass. Det tek litt tid å gå gjennom alle, så ha litt tolmod med meg..
Nyt siste rest av sommaren, så sjåast me snart <3
Also check out other Health & Wellness events in Ølen.