Roger og Heidi er endeleg tilbake!
Etter den store suksessen med førre konsert, der nærmare 300 fornøgde gjester samla seg i storsalen i samband med dobbel albumlansering med Roger Stangervåg og Heidi Lambach, ser vi no fram til å skape enda ei flott, intim konsertoppleving – denne gangen i den vakre foajeen.
Denne kvelden vil by på låtar frå tidlegare utgivelser, men også mykje ny musikk som er laga i ettertid. Som i fjor har artistane med seg eit kruttsterkt lag av eminente musikarar:
Frode Kvandal (bass)
Andreas Södergran (elgitar)
Oddgeir Røssland ( Gitar)
Frode Sæverud ( Tangenter)
Jan Arthur Kalsaas ( Trommer)
Dette vert ei kveld fylt med gode stemningar, musikk og minner – eit heilt spesielt møte mellom artistane og publikum.
Artistane er sterkt opptatt av at publikum skal få nyte musikken i beste lyd- og lysforhold. I samband med denne konserten har vi med oss lydtekniker Ivar Birkeland, som også står for den flotte lyssettinga i rommet. Dette skal bidra til å skape ei stemningsfull og minneverdig kveld for alle.
Vi ynskjer velkomen til ei uforgløymeleg kveld med god musikk og nye opplevingar!
Baren held ope også etter konsert - så her er det anledning til å hygge seg utover kvelden i godt lag.
Also check out other Music events in Ølen, Entertainment events in Ølen, Concerts in Ølen.