Teater Vestland: Brørne Løvehjarte, 26 November | Event in Ølen | AllEvents

Teater Vestland: Brørne Løvehjarte

SKAKKE - senter for skule, idrett og kultur

Highlights

Wed, 26 Nov, 2025 at 06:00 pm

Enge, 5590 Etne, Norway

Advertisement

Date & Location

Wed, 26 Nov, 2025 at 06:00 pm (CET)

Enge, 5590 Etne

Enge 34, 5590 Etne, Norge, Etne, Ølen, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

Teater Vestland: Brørne Løvehjarte
Rørande og spennande familieframsyning om søskenkjærleik på tvers av stjernene - og om å finne motet i seg sjølv!

Astrid Lindgren sin klassikar om brørne Løvehjarte har trollbunde generasjonar av lesarar sidan den kom ut i 1973. Vakrare og klokare skildring av søskenkjærleik og barns møte med døden finst knapt.

Historia handler om brørne Jonatan og Karl - eller Kavring som han også blir kalla. Dei er veldig glade i kvarandre, men Kavring har ein alvorleg sjukdom, og brørne veit at han kjem til å døy. Jonatan fortel at døden ikkje er farleg, for når ein døyr, så kjem ein til Nangijala - til eventyra og leirbålas rike på den andre siden av stjernene. Men Kavring er redd for å reise dit åleine.

Og det slepp han.

For Jonatan dreg i forvegen til Nangijala. Og der skal dei to bu saman i Kirsebærdalen, i eit koselig, lite hus, og dei skal symje i elva og fiske ørret og ha kvar sin flotte hest som dei kan galoppere rundt på. Men alt er ikkje berre idyll i Nangijala heller. Den onde Tengel har kasta ein skugge over landet og trugar fridommen til folk. Brørne må kjempe saman for det gode, og Kavring må overvinne frykten og finne motet i seg sjølv. Det er lettare sagt enn gjort når Tengil har ein ildsprutande drage, men som Kavring seier: «Nokre ting må ein berre gjere. Elles er ein ikkje eit menneske, berre ein liten lort!»

I Miriam Prestøy Lie sin regi lagar vi ei rørande og spennande familieframsyning av denne vakre klassikaren. «Brørne Løvehjarte» er eit samarbeid mellom Teater Vestland og Den Nationale Scene. Prestøy Lie har tidlegare hatt stor suksess med barneframsyningar som «Tordivelen flyg i skumringa» på Det Vestnorske Teateret og «Jenta med fyrstikkene» på Teater Vestland.

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

To stay informed about ticket information or to know if tickets are not required, click the 'Notify me' button below.

Advertisement

Nearby Hotels

Enge, 5590 Etne, Norway, Enge 34, 5590 Etne, Norge,Etne, Ølen, Norway
Get updates and reminders

Host Details

SKAKKE - senter for skule, idrett og kultur

SKAKKE - senter for skule, idrett og kultur

Are you the host? Claim Event

Advertisement
Teater Vestland: Brørne Løvehjarte, 26 November | Event in Ølen | AllEvents
Teater Vestland: Brørne Løvehjarte
Wed, 26 Nov, 2025 at 06:00 pm