Av Torborg Nedreaas
Kva liv drøymer me om? I ungdommen, kor kjenner me at me er på veg? Og som vaksne, kor endte me opp?
I løpet av ei intens natt fortel ei kvinne livshistoria si. Om forelskinga i han som ho møter som tenåring og som ikkje vil gå over. Eit skeivt forhold som må haldast skjult. Eit kjærleiksliv som føregår om natta, i måneskinet. Små skjulte augneblinkar av lukke som blir øydelagte så fort andre sine blikk legg skam over dei.
Nesten tretti år før lova om sjølvbestemt abort blei vedteken i Noreg, kom Torborg Nedreaas sin første roman «Av måneskinn gror det ingenting» og slo ned som eit lyn i norsk litteratur. Ein brutal, rå og modig roman som skildra sider ved kvinnelivet som aldri før hadde vore skrive om. Den direkte og detaljerte skildringa av ein sjølvlvframkalla abort var i si tid tabubrytende, og har siden gjort markant inntrykk på fleire generasjonar lesarar. Boka skildrar også ei politisk og oppvakning, og er ein sterk moralsk refleksjon over kva det vil sei å vera eit ansvarsfullt menneske.
Agder Nye Teater
Av: Torborg Nedreaas
Regi: Magnus Sparsaas
På scenen: Ragnhild Meling Enoksen, Bibbi Winberg og Anette Röde Hagnell
Dramaturg: Amanda Øiestad Nilsen
Grafisk design: Carl Lützen
Støtta av:
Co-produsert av Grenland Friteater og Oslo Nye Teater
Kulturrådet, Agder Fylkeskommune, Grimstad kommune, Arendal kommune, Kristiansand kommune
Torborg Nedreaas: (13.11 1906 - 30.03.1987) Under krigen budde den då fråskilte Nedreaas med sine to søner hos mor si i hennar barndomsheim på Stord. Romanen Av "måneskinn gror ingenting" kom ut i 1947.
You may also like the following events from Stord Kulturhus: