BRUKTMARKNAD OG LAURDAGSKAFÉ
Laurdag 10.mai 2025 er det laurdagskafé og Bruktmarknad i Rubbestadneset Bedehus.
Me lever i ei tid med høge renter og utgifter, samstundes som ein har eit stort fokus på gjenbruk og miljø. Bedehusstyret ønskjer difor å leggje til rette for ein bruktmarknad på Rubbestadneset. På denne måten kan bygdafolket få høve til å selja det ein ikkje har bruk for lenger. Mange vil nok ha stor glede av det du kanskje ikkje ser nytta av. 😊
Slik fungerer det:
* Du betalar 300 kroner til Bedehuset og bookar deg eit salsbord. Borda vert sett opp i øvste etasje/storsalen i Bedehuset.
* Du får tilgang til bordet ditt fredag ettermiddag.
* Rydd i huset ditt og fin fram gjenstandar, spel, klede, bøker, leiker, interiør etc. som du ikkje treng lenger.
* Pris «varene» dine, og gjer vippsnummeret ditt tilgjengeleg for kundane dine. DU får inntektene av salet ditt.
* Laurdag klokka 12 opnar bruktmarknaden, då kan alle som ønskjer det besøka borda/standane, og handla seg noko fint. Kanskje finn du nytt antrekk til 17.mai?
Samstundes er det vanleg laurdagskafé i 2.etasje, der kan du kjøpa deg graut, nysteikte kaker, bollar, muffins og anna godt. Me satsar på å få til ein liten basar på kafeen. Me håpar at dette vil bli ein kjekk dag i bygda vår. Pengane som kjem inn denne dagen vil som vanleg gå direkte til å drifta Rubbestadneset Bedehus. Sjølv om du ikkje «bookar deg bord» på bruktmarknaden, håpar me sjølvsagt at du kjem innom både på kafeen og marknaden.
ALLE SOM ØNSKJER Å «BOOKA» BORD TIL VIPPSALET KAN SENDA EI MELDING TIL RUBBESTADNESET BEDEHUS PÅ FACEBOOK/MESSENGER, ELLER EIN SMS TIL KAROLINE PÅ 48 24 05 67.
Det er nok lurt å booka bordet sitt tidleg, me har trua på at dette vert populært 😊
Ps: Del gjerne innlegget og informasjonen med nokon du kjenner.