Innkalling til årsmøte i Voss Hang- og Paragliderklubb 2026
Styret innkallar hermed til årsmøte i Voss Hang- og Paragliderklubb.
Årsmøtet vert halde 06.03.2026 kl. 18.00 i Voss fallskjermklubb sine lokale. Adressa er flyplassvegen 135, 5705 Voss.
Saker som eit medlem ynskjer å få behandla på årsmøtet må sendast til styret innan 20. februar 2026 til postboks 482, 5702 Voss. Eller på e-post til
c3R5cmV0IHwgdm9zc2hwayAhIG5v. Det ønskes at vedlagte mal nyttast, sjå vedlegg 1. (Sendt på e-post til alle medlemmar)
Fullstendig sakliste med alle saksdokument vil bli gjort tilgjengeleg for medlem seinast ei veke før årsmøtet på e-post og på klubbens webside.
For å ha stemmerett og kunne veljast til verv må ein ha vore medlem av Voss Hang- og Paragliderklubb i minst ein månad, fylle minst 15 år i kalenderåret årsmøtet vert heldt, og ha gjort opp sine økonomiske forpliktingar til Voss Hang- og Paragliderklubb.
Alle medlemmar har møterett, talerett og forslagsrett. Stemmerett berre ved fysisk oppmøte, men vi legg til rette for å kunne følgje møtet digitalt om ein ikkje har moglegheit til å møte fysisk. For meir informasjon om årsmøte, samt reglar om stemmerett, valbarheit, forslagsrett mv., sjå Voss- Hang- og Paragliderklubb si lov:
https://vosshpk.no/wp-content/uploads/2024/10/LOV-VOSS-HPK.pdf
Ved spørsmål som gjeld årsmøtet, kan dagleg leiar Malene Hetle Hole kontaktast på mail:
bWFsZW5lIHwgdm9zc2hwayAhIG5v eller på telefon: 90508620.
Velkommen til årsmøte!
Med venleg helsing
Styret