Ytringsfridom i kunsten I - Knebla eller motivert?
Medverkande
- Julius von Forstner - bassbaryton
- Torgeir Kinne Solsvik - klaver
- Anders Krøger - forteljar
Knebla eller motivert?
Korleis verkar sensur, undertrykking og politisk press inn på kunsten?
I denne djupdykkande konserten blir søkjelyset retta mot Dmitrij Sjostakovitsj – ein komponist som levde eit heilt liv i spenningsfeltet mellom kunstnarleg integritet og eit nådelaust regime.
Four Monologues on Verses of Pushkin krinsar rundt tema som svik, tap og minne. Songsyklusen var Sjostakovitsj sitt første verkeleg store verk etter dei harde åtaka på han i 1936 – og speglar ein kunstnar i indre kamp med makta, og med seg sjølv.
Kva historiar gøymer seg bak notane? Korleis kan musikk formidla det som ikkje kan seiast høgt?
🎫 BILLETTINFORMASJON
Pris: 275 kr
📸 Elisabeth Emmerhoff
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No
Undo
Interested
Ticket Info
Tickets for Ytringsfridom i kunsten I - Knebla eller motivert? can be booked here.
Advertisement
Nearby Hotels
Skrivargarden på Lofthus, Ullensvangvegen 830, 5781 Lofthus, Norge, Voss, Norway