Vel møtt til konsert med Yngve Jordalen m/band fredag 05. September.
Konsertstart kl. 20:00
Billettpris - 250,-
Billettar - Vipps i døra
I mange år har Yngve Jordalen gjort karriere av å klatra på kontrabassen, no er han aktuell med debutalbum!
Sidan 2010 har Yngve Jordalen haldt seg i bakgrunnen som bassist for mellom anna Kurt Nilsen, Stephen Ackles, Linda Gail Lewis, The Northern Belle, Trang Fødsel (som han framleis turnerar med) og mange fleire. No vert han sjølv frontfigur med eigne låtar og eige band!
29.08.25 kjem debutalbumet "Hei, Trudy" ut på Fjorden records, eit album Jordalen har jobba med sidan 2021. Musikken rører seg ein stad i landskapet mellom viserock og country, med deilige gitarsoloar, fengjande hooks og underhaldande tekstar på dialekt.
“Eg vil få fram bygdegalskapen både i det eg spelar og det eg syng, samtidig som eg ønskjer å formidle alvoret som ofte ligg bak. Eg vil at publikum skal kunna dansa til og le av det dei høyrer, men det kan også hende at dei vert litt provoserte. Det kjem nokre saftige frasar innimellom. Og så håpar eg dei syns at eg spelar tøft på gitaren”
Med seg i bandet har Jordalen:
Karl-Joakim Wisløff (kjend frå Orango og Erlend Ropstad) på bass og kor
Jørgen Natland Apenes (kjend frå Humle og Kappekoff) på trommer og kor
Also check out other Concerts in Voss, Music events in Voss, Entertainment events in Voss.