Velkomen til Tusenhjarteslag - fredsdagar i Aurland�
Frå torsdag 13.nov kl 17 er du invitert til å ta del i eit mangfaldig program knytt til fred og samhandling.
Korleis kan det einskilde menneske i eit levande lokalsamfunn bidra inn ein urolig verd?
Arrangementet ønskjer å utforske ressursane ulike stadar har til å arbeide med forankring av dei globale utfordringane.
Handle lokalt og tenke globalt.
Fredsdagane avsluttast med kyrkjekonsert søndag den 16. november.
Kjøp pass for å få alle arrangementa alle dagane inkludert, eller enkeltbillettar til det du ynskjer å gå på. Reduserte prisar for medlemmar av Folkeakademiet Aurland!
Rabatt på digg sauna: Alle med billettar eller pass til fredsdagane får 20% rabatt på felles-sauna ved å skrive inn rabattkode "fredsseminar20". FjordSauna har badstue både i Flåm og Aurland, sjekk opningstider her:
https://www.fjordsauna.no/.
Velkomen til ei skapande deltaking på lokalt nivå!
Vi som arrangerer fredsdagane blir veldig glade om publikum førehandsbestiller billettar og pass. Onsdag kveld, den 12. november, stenger vi det digitale billettsalet og går over på analog løysing.
You may also like the following events from Folkeakademiet Aurland: