The Stitch Project med Marie Skeie på Mariannes bakeri
Velkomen til eit levande møte med kunst, samtale og sting.
Kunstnaren Marie Skeie inviterer til The Stitch Project – eit fargerikt tekstilprosjekt der menneske frå heile verda deler historier gjennom broderi.
Her kan du lytte til Marie fortelje om reisa med prosjektet, medan du sjølv får vere med og setje sting i det store, felles verket som har vore eit pågåande kunstprosjekt sidan 2012. Orda og hendene får arbeide side om side – i eit roleg rom for deling, konsentrasjon og fellesskap.
Arrangementet er ope for alle, både barn og vaksne.
Kom som du er, og bli med i det store stoffet av trådar og historier. Avgrensa antal plassar!
Arrangementet er ein del av fredsdagane, Tusenhjarteslag, i Aurland.