Velkommen til storslått opningskonsert for Landskappleiken 2025. Dette er vår “storkonsert” og du får oppleve ein variert og fin konsert. Kulturministeren er på plass for å opne Landskappleiken. Du kan kjøpe billetten din allereie no, velkommen!
Tid: 25. juni kl. 19:30 - 21:30
Stad: Eidfjord idrettshall
Opningskonserten til Landskappleiken i Eidfjord har fått namnet «Her har me butt», inspirert av diktet «Her har eg butt» av Olav H. Hauge.
Opningskonserten er vår største konsert og Kulturminister Lubna Jaffery er med på opninga. – Eg gler meg spesielt til årets opningskonsert, og har til og med høyrt rykte om ei overrasking eller to, seier ho.
Menneske, musikk og natur heng saman. Me er prega av der me har butt og bur. Me får ein felles klang og eit eige uttrykk kvar for oss. Dette skapar fargar og nyansar som er med på å lage eit fargespel.
Konserten skal syna eit mangfald innan folkemusikk på tvers av alder, sjanger og uttrykk. Her er eit spekter av menneske i alle aldrar som deler den same kjærleiken og tilhøyrsla til musikk, song og dans.
Med oss har me utøvarar frå Hardanger og Voss; nokon har butt her heile livet, nokon har vakse opp her, andre har flytta hit, nokon er til og frå.
Her får du høyra hardlingfelespel, toraderspel, song og dans i solo og samspel.
Ein kan blant anna venta seg gjensyn med grupper ein ikkje har høyrt på ei stund, som til dømes Trio Hardanger, born og unge i Hardanger Spelemannslag, ord frå Ruth Lillegraven, tonar frå blant anna Alexander Aga Røynstrand og Amalie Kinsarvik Tvilde, song frå Dei syngjande og dans frå Torkjell Børsheim. Konserten vert sydd saman med forteljing og bilete, og Lajla Renate Buer Storli er regissør for konserten.
Velkomen skal du vera til å oppleva lyden og rørsla frå eit landskap med fjell og fjord, om du bur her, har butt her eller berre er innom for ei stund.
You may also like the following events from Landskappleiken:
Also check out other
Concerts in Voss.