Dørene opnar 20.00.
Bak artistnamnet Lydven står vossingen Øystein Lydvo. Øystein har spelt bass i kjente band som Good Time Charlie og Hot Little Mama, vore nominert til Spellemansprisen, spelt på utalege plater og festivaler, turnert Kina og var den fyrste i landet som fekk den prestisjetunge Musikkteraprisen.
Etter å ha prioritert familielivet i Bergen nokre år kom Øystein tilbake som soloartisten Lydven i 2024. Sidan då har han gjeve ut eigen musikk. I vår gav han ut bestillingsverket "Going Back" frå Vangskyrkja, som han skreiv saman med Olav Undeland i 2003. I desember i fjor organiserte han «band aid-prosjektet» Bergen For Verden, med utgjeving av singelen «Jolekveld»
Tekst var skrive av av vossingen Lorentz Nybø i 1903 og lanseringskonsertane, mellom anna på Tre Brør, gjekk til inntekt for Redd Barna. Øystein fekk mykje positiv merksemd då han gav ut songen "Humla" på Verdsdagen for psykisk helse 10. oktober i år og fortalte om då han sjølv var psykisk sjuk i Avisa Hordaland.
På konserten får du songar frå heile karriera til Øystein, med både alvorlege og humoristiske tekstar. Alt frå «Humla» og "Glad i deg" til «Da va’kje meldt» og «Kom deg heim!». I tillegg får du høyre engelskspråklege songar han har skrive for andre band, som t.d. Good Time Charlie og Twang Gang. Lydven lover også nokre jolasongar frå jola-EP'en som kjem i desember, samt smakebiter frå det komande albumet "Dagen er ny".
Konserten vert knytt fint i saman med personlege historiar kring songane, gjerne med eit skråblikk på livet. For som ein konsertanmeldar sa: "Både latter og tårer sit laust under ein Lydven-konsert!" Velkomen til ein variert og rimeleg førjolskonsert på Ringheim Kafé!
Øystein Lydvo: Gitar, piano og vokal.
Lyden av Lydven:
https://open.spotify.com/artist/6JsY4xUg4pVX6S8mtosaEq?si=voE20QQVQ4GYOhQ6eB7Dvw
Billetter i døra: Kr 100.
Also check out other Music events in Voss, Entertainment events in Voss, Concerts in Voss.