Velkommen til lunsjføredrag i Lærdal kulturhus med fjorårets mest populære forfattar i Lærdal. Anita Østerbø sine bøker er dei mest utlånte bøkene på biblioteket, og me gler oss til å få besøk av ho.
Anita Østerbø er oppvaksen i Bergen og har jobba som lærar inntil ho byrja som romanforfattar i 2020. Ho har skrive den populære "Skammens mødre"-serien, fire bøker om den tøffe kampen til åleinemødrene frå femtitalet og fram mot år 2000.
Bøkene byggjer på sanne historier om mor til forfattaren (frå Sogn), dei fire venninnene hennar og barna deira. Dei tek for seg viktige tema som skam og forteiing, sosiale ulikskapar og kvinnekamp. Me kjem på innsida av barneheimane, følgjer adoptivbarna og ser på konsekvensane av sviket gjennom fleire generasjonar, men kjenner også på styrken og gleda kvinnene imellom.
Bøkene har vorte ein overraskande stor suksess med over 60 000 selde eksemplar så langt, og siste bok i serien er akkurat kommen ut.
Arrangementet vert i Lærdal kultursal og det vert høve til å kjøpa seg både kaffi og lunsj i Laksen kafé og bakeri både før og etter føredraget.
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No
Undo
Interested
Ticket Info
To stay informed about ticket information or to know if tickets are not required, click the 'Notify me' button below.