Litteraturbåten Epos i Ulvik - Open båt og forfattarsamtale, 5 October | Event in Voss | AllEvents

Litteraturbåten Epos i Ulvik - Open båt og forfattarsamtale

Bergen Assembly

Highlights

Sun, 05 Oct, 2025 at 02:00 pm

5 hours

Haugesenteret

Advertisement

Date & Location

Sun, 05 Oct, 2025 at 02:00 pm to 07:00 pm (CEST)

Haugesenteret

Promenaden 7, 5730 Ulvik, Norge, Voss, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

Litteraturbåten Epos i Ulvik - Open båt og forfattarsamtale
Litteraturbåten Epos vitjar Ulvik og Haugesenteret – og i samarbeid med dei inviterer me til forfattarsamtale med den anerkjende forfattaren Maaza Mengiste. Ho har skrive The Shadow King, som vart kortlista til Bookerprisen i 2020, og Beneath the Lion’s Gaze. I Ulvik vert ho intervjua av Jordan Barger, som denne hausten er i skriveresidens på Haugesenteret.

I samarbeid med Bergen Assembly 2025 er Epos vertskap for kunstprogrammet Water as a Linker and Separator. Programmet fyller Epos med kunstverk og gjestekunstnarar.

Ombord vert det presentert nye arbeid av Elsebet Rahlff og Elin Már Øyen Vister, samt eit videoverk av Philip Rizk. Verka undersøker korleis vatn kan knyte stader saman og forme relasjonar på tvers av geografiar. Studentar frå Bergen Arkitektskule har bygd eit nytt interiør til den verneverdige båten.

Maaza Mengiste (f. 1971 i Addis Abeba) er forfattar og fotograf. I arbeidet sitt utforskar ho liva til enkeltpersonar slik dei er forma av politisk vald, minne og migrasjon. Ho har skrive The Shadow King, som vart kortlista til Bookerprisen i 2020, og Beneath the Lion’s Gaze. Mengiste har motteke stipend frå mellom anna Guggenheim Foundation, DAAD sitt kunstnarprogram i Berlin og Cullman Center for Scholars and Writers. Ho bur og arbeider i New York.

Jordan Barger er ein amerikansk omsetjar av norsk og dansk litteratur og lyrikk. Han har omsett melloom anna Tor Ulven, Sibjørn Obsstfelder og Yahya Hassan. Barger er tilknytt University of Iowa sitt masterprogram i litterær omsetjing. Denne hausten har Barger skriveresidens ved Haugesenteret i Ulvik. Opphaldet er knytt til omsetjing av deler av dagbokverket til Olav H. Hauge.

Litteraturbåten Epos er ein omreisande kulturarena med lang tradisjon for å vitje kystsamfunn på Vestlandet. Epos fungerte som eit flytande bibliotek frå 1960-talet og fram til 2020. No er båten ein mobil kulturarena driven av ei eiga stifting, der det vert arrangert opplesingar, utstillingar, skulebesøk i samarbeid med bibliotek, festivalar og lokale aktørar.


Also check out other Arts events in Voss, Literary Art events in Voss.

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

To stay informed about ticket information or to know if tickets are not required, click the 'Notify me' button below.

Advertisement

Nearby Hotels

Haugesenteret, Promenaden 7, 5730 Ulvik, Norge, Voss, Norway
Get updates and reminders

Host Details

Bergen Assembly

Bergen Assembly

Are you the host? Claim Event

Advertisement
Litteraturbåten Epos i Ulvik - Open båt og forfattarsamtale, 5 October | Event in Voss | AllEvents
Litteraturbåten Epos i Ulvik - Open båt og forfattarsamtale
Sun, 05 Oct, 2025 at 02:00 pm