Litt praktisk om kurset
Kurset kostar kr 3 900 inkl kaffi, brødmat og varm lunsj laurdag
Vi held alt verktøy. Du bør ta med deg vernebukse til motorsag, høyrselsvern og gjerne meterstokk, blyant og evt. store stemjern om du har. Hugs gode sko og klær då arbeidet går føre seg ute. Det vil bli gitt opplæring i bruk av motorsag.
Datoar
Fredag 26.09 kl 09 - 17
Laurdag 27.09 kl 09 - 16
Søndag 28.09. kl 09 - 16
Stad
Dette kurset vil bli gjennomført på VKA (Tvildemoen) på Voss. Kurset er i regi av Vestnorsk kulturakademi.
Påmelding
Namn, adresse, mobilnummer, epost og fødselsår
Påmelding skal sendast til:
cG9zdCB8IGt1bHR1cmFrYWRlbWkgISBubw==
Du betaler kr 1000 i depositum ved påmelding. Ved avmelding seinast 3 veker før kursstart blir depositum tilbakebetalt. Restbeløpet kr 2 900 skal vera betalt seinast ei veke før kursstart.
Betaling via Vipps 787 386
Ved behov for faktura gje beskjed til same mailadresse.
Innhald
Grindbygging er ein enkel og rimeleg byggemåte som er aktuell for m.a løer, naust og uthus. Ofte brukt til garasje, drivhus og bustadhus. Det er berre fantasien som setter grenser. Byggeteknikken er mykje nytta på Vestlandet og har truleg historiske røter fleire tusen år attende i tida. På kursa vil du lære dei prosessane som skal til for å byggje eit grindbygg. Grindbygging krev lite grunnarbeid og gir ikkje varige inngrep i naturen. Det er eit miljøvenleg, raskt og fleksibelt byggesystem. Eit grindbygg kan reisast på ein dag og du får eit bygg, som vil stå i generasjonar. Grindbygg kan demonterast og flyttast om ønskeleg. Ved å lage ditt eige grindbygg er du med på å vidareføra ein av dei eldste byggemetodane vi kjenner i Noreg. Lær deg den tradisjonelle byggemetoden saman med vår dyktige instruktør Lars Ingvald Folkedal og andre interesserte.
Kurslengde
ca 22 timar fordelt over ei langhelg, frå fredag morgon til søndag.
Kursleiar
Instruktør på dette kurset er Lars Ingvald Folkedal.
Kurset er støtta av Studieforbundet kultur og tradisjon.
You may also like the following events from Vestnorsk kulturakademi: