Plukke plommer, byggje dikt. , 27 November | Event in Voss | AllEvents

Plukke plommer, byggje dikt.

Haugesenteret

Highlights

Thu, 27 Nov, 2025 at 06:00 pm

Promenaden 7, 5730 Ulvik, Norge

Advertisement

Date & Location

Thu, 27 Nov, 2025 at 06:00 pm (CET)

Promenaden 7, 5730 Ulvik, Norge

Promenaden 7, 5730 Ulvik, Norge, Voss, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

Plukke plommer, byggje dikt.
I intervjuet "Plukke plommer, byggje dikt" gjort av Frode Grytten på 1990-talet snakkar Jon Fosse om å ha lært av Olav H. Hauge at ein kan skriva om det enkle og nære, at det enkle og kvardagslege har ein intensitet og eit lys. Fosse seier også det var stort å sjå korleis Hauge i dikta sine brukte ein Hardanger-kultur som han kjende til, som han sjølv hadde vakse opp i. Stor poesi vart nær for Fosse, gjennom lesing av Hauge. Dei to snakkar også om det å skriva frå den staden ein er. At det rundt ein fargar det ein skriv.

Inspirert av dette intervjuet med dei to store diktarane frå Hardanger inviterer Haugesenteret i Ulvik og Sentralbadet i Odda til ei litterær samtale med forfattarane Ruth Lillegraven og Leander Djønne. Dei er oppvaksne på kvart sin kant av Hardangerfjorden. No er dei begge flytt heim att - og hardingar på fulltid.

Korleis fargelegg staden dei bur på skrivinga deira? Er dei inspirert av Fosse og Hauge, når dei talar om det enkle og det nære – den grå stille dagen? Skriv dei annleis no når dei er heime att? Plukkar dei plommer for så å skriva dikt etterpå? Korleis er no dette, sånn eigentleg?

Velkomen til ei litterær samtale om det skrivande livet i Hardanger.

Ruth Lillegraven (f.1978) er forfattar og poet. Sidan debuten i 2005 har ho vist seg som ein allsidig og produktiv forfattar, med både barnebøker, dikt og krim bak seg. Lillegraven fekk Brageprisen for diktsamlinga «Urd» i 2013 og Nynorsk litteraturpris for diktsamlinga «Sigd» i 2016.

Leander Djønne (f.1981) er forfattar og biletkunstnar. Han debuterte med boka «Oskespiralen» i 2022, ein debut som vart hylla av kritikarar og lesarar og som vann Lytternes romanpris same året. I år kjem andreboka «Alt et».

Arrangementet er i samarbeid med Sentralbadet litteraturhus i Odda.


You may also like the following events from Haugesenteret:

Also check out other Arts events in Voss, Literary Art events in Voss.

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

Tickets for Plukke plommer, byggje dikt. can be booked here.

Advertisement

Nearby Hotels

Promenaden 7, 5730 Ulvik, Norge, Promenaden 7, 5730 Ulvik, Norge, Voss, Norway
Reserve your spot

Host Details

Haugesenteret

Haugesenteret

Are you the host? Claim Event

Advertisement
Plukke plommer, byggje dikt. , 27 November | Event in Voss | AllEvents
Plukke plommer, byggje dikt.
Thu, 27 Nov, 2025 at 06:00 pm