konsert med Trine Duesund Straume, Eline Rafteseth, Øystein Folkedal og Ivar Thormodsæter
Trine Duesund Straume er musikar og jordmor. Ho er for mange kjend som halvdelen i protestduoen Dumpster Divas, men er i dag aktiv med sitt eige prosjekt «Duesund». Ho skriv alle låtane sjølv og brenn for ei meir rettferdig verd– noko som særleg kjem til uttrykk i åpenheita hennar rundt psykisk helse.
Debutalbumet «Over vannet» kom i mars 2024 og har hausta gode kritikkar. I eit musikalsk landskap mellom vise, jazz og folkemusikk maler Duesund livet i musikk på enin ærleg og treffande måte.
Tekstane handlar ofte om psykisk helse og livsmeistring, og er skrevet for å gje lyttaren håp der det trengst.
Sjølv om låtane gjerne har eit alvorleg preg, sørger Duesund for at stemninga aldri blir for tung. Mellom låtene byr ho på varm humor og treffsikre observasjonar frå livets mange sider – så publikum får både nydeleg musikk og gode latterkuler. Mange skildrar konsertane hennar som både konsert og standup – to for éin!
Duesund arbeidar for tida i studio med sitt neste album, «Under overflaten». I full besetning består bandet av seks musikarar, men på denne turneen møter vi eit nedstrippa, men sterkt lag bestående av Trine Duesund Straume (vokal, gitar), Eline Rafteseth (kontrabass), Øystein Folkedal (tangenter) og Ivar Thormodsæter (trommer).
Eline Rafteseth er komponist og musiker med bakgrunn i klassisk musikk og jazz. I tillegg til å være ein del av Duesund, spelar ho i ein rekke band som indie-jazzbandet Shakai, NH3 og Soft Noise Ensemble. Ho har også komponert verk for mellom anna Bergen Improstorband, samt verket How to Lose Oneself for YrrY, som ble fremført under Borealis 2022. Arbeidet hennar spenner frå tradisjonell jazz til eksperimentell samtidsmusikk.
Øystein Folkedal og Ivar Thormodsæter er begge etablerte musikarar med solid forankring i jazzfeltet. Dei bidreg med sitt særpreg og improvisatoriske overskot, og sammen skapar kvartetten eit lydbilete som er både nært, kraftfullt og leikent.
Dette er ei konsertoppleving som rommer både tårar og latter – sterk, kjenslefull og full av liv.
Lokalet opnar kl. 19.00, konserten startar kl. 20.00
Billettar kan kjøpast på billetto.no
Also check out other Music events in Voss, Entertainment events in Voss, Concerts in Voss.