No som det går frå sommar til vinter, er det ei god anledning til å få rydda litt opp i heimen. Kløve Ungdomslag arrangerar bruktmarknad i Grimshalli, sundag 26.okt 12:00-16:00!
Alle som har fint brukte ting ein vil selja, er hjarteleg velkomne til å stille med sin eigen salsstand. Har du til dømes kle, leiker, bøker, sportsutstyr etc. du tenker andre kan ha glede av? (Det er ikkje lagt opp til sal av store ting, slik som møblar etc.)
I tillegg til mange bruktkupp, sel Kløve Ungdomslag kaffe og kaker. Ellers er dette ei fin anledning til å treffa folk i grenda for ein prat.
Info for dei som skal ha salsstand:
- Tidspunkt: Me opner dørene for rigging sundag klokka 11:00.
- Ansvar: Alle har sjølve ansvar for sine eigne ting til ei kvar tid. Det er den som har salsstanden som prissett sine ting, og har sjølve ansvar for å ta imot sin betaling. Ein må ta med seg det som evt ikkje vart solgt.
- Pris: 200 kr for eitt bord, samt plass rundt det til eit klasstativ eller liknande. Denne inntekta (200 kr) går til Kløve ungdomslag og vedlikehald av bygget. Betalinga må skje seinast 1 veke før, dvs sundag 19.okt til vippsnr: 817177 (Kløve Ungdomslag).
- Påmelding: Om ein ynskjer salsstand, ta kontakt med styremedlem Astrid Ristebråten Lemme på epost:
YXN0cmlkbGVtbWUgfCBnbWFpbCAhIGNvbQ==, tlf: 99156079, eller messenger.
Håpar å sjå mange som vil selja, og mange som vil koma innom!
Kven veit, om det vert ein suksess går det an å gjenta til våren :)