Teatret Vårt: Peer Gynt // Ørsta kulturhus, 24 September | Event in Volda | AllEvents

Teatret Vårt: Peer Gynt // Ørsta kulturhus

Ørsta kulturhus og kino

Highlights

Wed, 24 Sep, 2025 at 07:00 pm

Holmegata 7, 6150 Ørsta, Norway

Advertisement

Date & Location

Wed, 24 Sep, 2025 at 07:00 pm (CEST)

Holmegata 7, 6150 Ørsta

Holmegata 7, 6153 Ørsta, Norge, Ørsta, Volda, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

Teatret Vårt: Peer Gynt // Ørsta kulturhus
Kor går du når festen er over?

Henrik Ibsen sin klassikar er historia om å miste seg sjølv – og leite etter det ein har forlate. Fanga mellom einsemd og eit evig jag etter å høyre til, diktar Peer seg ein røyndom der han sjølv står i sentrum.


Etter festen. Før erkjenninga. Peer vaknar åleine i mørket – kledd i ein utsliten smoking, med ein plastpose full av øl, omringa av kaos og minne frå ei natt han knapt hugsar. Han kjenner ikkje att verken røyndomen – eller seg sjølv. Og når han må ta ansvar, glip alt. Kva er sant og kva er løgn når du skal gjere opp vala du har teke?


Denne versjonen av Peer Gynt er ei ekspresjonistisk, klaustrofobisk og sår tolking av Ibsens klassikar – inspirert av skrekkfilmen Nosferatu og nattklubbens pulserande uteliv. Eit mørkt univers fylt av vesen, freistingar og tapte moglegheiter. Peer blir tvinga til å sjå seg sjølv i auga i etterdønningane av eigne val. Vi møter ein sårbar Peer, driven av utanforskap i ei verd som ikkje lenger heng saman.


Peer er både løgnar, diktar og manipulator – men også eit menneske i desperat lengt etter kjærleik og å høyre til. Gjennom eit splitta forhold til familien, leitar han stadig etter noko anna, men kjenner seg stadig meir framand. Peer rører seg utanfor fellesskapet med spel og leik, og håpar han kan skjule det vonde han ber på i møtet med andre. Han flyktar – og brenn seg opp i begge endar med løgn og fantasi – før røyndomen bankar på døra. Vi elskar Peer, sjølv om han feilar - kanskje fordi han minner oss om det sårbare i oss sjølve?


Vi er stolte over å ha regissør Victoria Meirik tilbake. Ho har tidlegare hatt regi på dei kritikarroste framsyningane Gift og Villanden her ved Teatret Vårt. Denne gongen samarbeider ho med Agnethe Tellefsen om scenografi og lysdesign, og med Ingvild Langgård, som har komponert ny musikk til framsyninga. Musikken ber i seg både fortid og notid – voggesong og dødssong, klubbrytmar og folketonar som glir over i kvarandre. Solveigs song og Dovregubbens hall blir skapte på nytt i eit lydlandskap som blir slukt av rommet – og av Peer sjølv.


Velkomen til ei rå, visuell og ærleg framsyning om lengt, utanforskap og dei historiene vi fortel oss sjølve for å få livet til å henge saman.


You may also like the following events from Ørsta kulturhus og kino:

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

Tickets for Teatret Vårt: Peer Gynt // Ørsta kulturhus can be booked here.

Advertisement

Nearby Hotels

Holmegata 7, 6150 Ørsta, Norway, Holmegata 7, 6153 Ørsta, Norge,Ørsta, Volda, Norway

Just a heads up!

We have gathered all the information for you in one convenient spot, but please keep in mind that these are subject to change. We do our best to keep everything updated, but something might be out of sync. For the latest updates, always check the official event details by clicking the "Find Tickets" button.

Reserve your spot

Host Details

Ørsta kulturhus og kino

Ørsta kulturhus og kino

1 Followers

Are you the host? Claim Event

Advertisement
Teatret Vårt: Peer Gynt // Ørsta kulturhus, 24 September | Event in Volda | AllEvents
Teatret Vårt: Peer Gynt // Ørsta kulturhus
Wed, 24 Sep, 2025 at 07:00 pm