Vi ynskjer alle våre støttespelarar velkomne til strategisamling. Her treng vi folk som kan brette opp ermene, og har eit hjerte for arbeidet på Kjeldsund!
Program
17:00 Velkomne og middag
18:00 Introduksjon
18:15 Arbeidsøkt
ca 21:00 ferdig for denne gang
På kort tid har vi opplevd store endringar på Kjeldsund; Vi har blitt omorganisert til eigen foreining, vi har arva litt over 11 milionar, vi har teke over det økonomiske ansvaret for både drifta og bygningane og vi opplever stor pågang frå mange ulike grupper og personar.
Dette er både positivt og utfordrande og vi må no stake ut ein god kurs for framtida.
Det vil vi gjerne ha med flest mogleg av støttespelarane våre på .
Det vil bli avhelt 2 samlingar: 1. september og 13. oktober
Målet er at vi skal ha eit overordna strategidokument klart til årsmøte 7 Mars 2026
Dette er ikkje samlinga for å avgjere kva vi gjer med den gamle møtesalen, lufte idear til nye leirkonsept eller gjere endringar på menyen.
Her skal vi jobbe med den overordna målsettinga; kva vil vil? kva er Kjeldsund sin plass i lokalsamfunnet? kva for målgrupper skal vi satse på? Kva for målgrupper skal vi ikkje satse på? -og korleis skal vi klare å ta vare på plassen og samstundes skjøtte oppdraget vårt om å spre evangeliet til stadig nye generasjonar?
Møtet vert leda og fasilitert av Karen Lee Ling og Anders Myrene
Framdriftsplan frister og milepeler:
Måndag 1.9.2025: 1. strategisamling
Måndag 13.10.2025 2. Strategisamling
22.10.2025 Frist: Arbeidsgruppe ferdig forslag til strategidokument
Måndag 10.11.2025 Styret behandlar strategidokumentet
01.02.2026 Frist: Invitasjon og sakspapir til årsmøte
Laurdag 7. 3. 2026 Årsmøte vedtek ny overordna strategi for foreininga Kjeldsund.
Mål for strategidokumentet:
1. Dokumentet skal være eit styringsdokument
2. Dokumentet skal kommunisere, kva foreininga har som formål til utanforståande og interessentar
3. Dokumentet skal hjelpe oss å prioritere pengebruk, investeringar og nysatsing.