Måndagsfilmen: Hjem kjære hjem, 8 September | Event in Volda | AllEvents

Måndagsfilmen: Hjem kjære hjem

Ørsta kulturhus og kino

Highlights

Mon, 08 Sep, 2025 at 01:30 pm

Holmegata 7, 6150 Ørsta, Norway

Advertisement

Date & Location

Mon, 08 Sep, 2025 at 01:30 pm (CEST)

Holmegata 7, 6150 Ørsta

Holmegata 7, 6153 Ørsta, Norge, Volda, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

Måndagsfilmen: Hjem kjære hjem
Velkomne til Måndagsfilmen, visninga på dagtid der vi også byd på kaffi/te og noko attåt inkludert i billetten.
Kinokafé kl. 12:30
Film: kl. 13:30

Om filmen:
"En av årets beste filmer. Alle som mener noe om eldreomsorg bør se den" - Adresseavisen

Eit sjeldant rørande drama om eldreomsorg.

Sofie er ei skilt, 32 år gamal kvinne, med ei dotter på 10 år. Ho ynskjer ein ny start i livet og byrjar å jobbe som heimehjelp.

Sofie er flink til å skape gode relasjonar, både med dei eldre og kollegaene sine. Ho kjenner glede ved å gjere ein forskjell i brukerne sine liv, men får også snart kjenne på den pressa kvardagen for dei tilsette i heimehjelpa.

Når Sofie får ei ubegrunna klage frå ein pårørande, blir det starten på ei utfordrande tid, der både omsorgen hennar for dei eldre og hennar eige dotter blir sett på prøve.

HJEM KJÆRE HJEM er skreive og regissert av Frelle Petersen som sjølv jobba som heimehjelp i eldreomsorgen som research til filmen. Hovudrolleinnehavar Jette Søndergaard gjorde det same. «Filmskaperens ønske om å vise respekt både for dem som arbeider i eldreomsorg og for de pleietrengende brukerne gjennomsyrer filmen», skriv filmanmeldaren i Adresseavisen, Terje Eidsvåg, som kallar HJEM KJÆRE HJEM ein av årets beste filmar.

«Filmen er inspirert av virkeligheten og de små og store menneskelige dilemmaene jeg har møtt på og opplevd selv. Sofie er en hverdagshelt, lidenskapelig opptatt av å gjøre en forskjell i jobben sin. Jeg var nysgjerrig på hvordan vi som mennesker reagerer når vi er under konstant press – både på jobb og i privatlivet. Hvordan vi ønsker å være der for dem vi bryr oss om, men ofte blir utfordret når energien tar slutt», seier regissør Frelle Petersen om filmen.

Frelle Petersen sine filmar er kjenneteikna av realistiske kvardagslivskildringar frå Sør-Jylland der han sjølv kjem frå. Han brukar i stor grad ikkje-profesjonelle skodespelarar frå lokalmiljøet for å sikre at dialog og spel blir så verkelegheitsnært som mogleg.

Regissøren har tidlegare laga dei kritikarrosa kinosuksessane ONKEL og RESTEN AV LIVET. Begge hadde Jette Søndergaard i hovudrolla. HJEM KJÆRE HJEM er den tredje filmen i denne trilogien av filmar frå Sør-Jylland. HJEM KJÆRE HJEM hadde premiere ved Berlin filmfestival.


PRESSA OM FILMEN:
«Engasjerende, rørende og øyeåpnende» - Filmmagasinet Ekko
«En av årets beste filmer. Alle som mener noe om eldreomsorg bør se den» - Adresseavisen


You may also like the following events from Ørsta kulturhus og kino:

Also check out other Entertainment events in Volda, Performances in Volda, Arts events in Volda.

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

Tickets for Måndagsfilmen: Hjem kjære hjem can be booked here.

Advertisement

Nearby Hotels

Holmegata 7, 6150 Ørsta, Norway, Holmegata 7, 6153 Ørsta, Norge, Volda, Norway
Reserve your spot

Host Details

Ørsta kulturhus og kino

Ørsta kulturhus og kino

Are you the host? Claim Event

Advertisement
Måndagsfilmen: Hjem kjære hjem, 8 September | Event in Volda | AllEvents
Måndagsfilmen: Hjem kjære hjem
Mon, 08 Sep, 2025 at 01:30 pm