Audun Automat, 13 November | Event in Volda | AllEvents

Audun Automat

Jazzklubben Volda Ørsta

Highlights

Thu, 13 Nov, 2025 at 08:00 pm

Tredet

Advertisement

Date & Location

Thu, 13 Nov, 2025 at 08:00 pm (CET)

Tredet

Halkjelsgata 8, 6100 Volda, Norge, Volda, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

Audun Automat
Med god trøkk i bassen og den fresande lyden av Fender Rhodes er Audun Automat tilbake – no med sitt tredje album Uflaks. Bandet har røter i jazzestetikken frå 70-talet, men musikken er samtidig frisk, moderne og full av overraskingar. Her får publikum alt frå lyriske perler til heftige, riffbaserte energiutblåsingar, levert av sterke solistar og eit drivande komp.

Bandet blei starta av bassist, komponist og bandleiar Audun Ellingsen frå Ørsta, inspirert av Charles Mingus sitt kompromisslause uttrykk. Etter kritikarroste plater i 2008 (Night Creatures) og 2011 (Inside the Beehive) har bandet vore i dvale nokre år. Men i 2024 kom endeleg oppfølgjaren Uflaks, ei feiring av dei uventa glimt og tilfeldigheiter som oppstår både i livet og i musikken.

På scena møtest fem av jazz-Noreg sine mest vitale musikarar. Erlend Slettevoll frå Volda er ein meister på Fender Rhodes, medan Torstein Lavik Larsen på trompet og Jørgen Mathisen på saksofon (kjend frå m.a. Krokofant) utgjer ei uimotståeleg frontlinje.

Bak dei driv Ellingsen sjølv saman med trommeslagar Ole Mofjell, som er blitt lagt merke til for sine eksplosive rytmeutfaldingar med bl.a. Hedvig Moldestad.

Anmeldarane har teke imot Uflaks med begeistring:

«Musikken låter uanstrengt energisk. Tilbakelent, men også eruptiv og frisk.» – Arild R. Anders, Jazznytt

«Moderne mainstream som hentar inspirasjon fra både 1960- og 70-talet, og som er både frisk og kreativ.» – Lars Mossefinn, Dag og Tid

«Dette er enkelt og greit livgivende og inspirerende musikk... Audun Automat er både en tradisjonsbærer og forlenger av et tidløst og livsbejaende musikkuttrykk.» – Tor Hammerø, Nettavisen

Kjøp billettar på Tikkio.

Audun Automat er:
Jørgen Mathisen – saksofon
Torstein Lavik Larsen – trompet
Erlend Slettevoll – Fender Rhodes
Audun Ellingsen – bass
Ole Mofjell – trommer

(fotograf: Isak Uyar Orestad & Noah Gylver @ Kolonihaven).


Also check out other Music events in Volda, Entertainment events in Volda.

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

Tickets for Audun Automat can be booked here.

Advertisement

Nearby Hotels

Tredet, Halkjelsgata 8, 6100 Volda, Norge, Volda, Norway
Reserve your spot
Ask AI if this event suits you

Host Details

Jazzklubben Volda Ørsta

Jazzklubben Volda Ørsta

Are you the host? Claim Event

Advertisement
Audun Automat, 13 November | Event in Volda | AllEvents
Audun Automat
Thu, 13 Nov, 2025 at 08:00 pm