Grøvuhelga arrangeres tradisjonen tru også i år, nærare bestemt 25.-27. juli 2025. Alle er hjarteleg velkomne!
Fjorårets Grøvuhelg (som også var 50-årsjubileum for ungdommeleg seterdrift) var ein dundrande suksess, og vi vonar vi kan lokke mange til seters også i år.
-------------------------------------------------------------------------------------
PROGRAM
- Klokka 20 fredag kveld blir det årsmøte i Grøvudalslaget, som er støtteforeininga til Inner Gammelsetra. I tillegg til å kome med økonomiske bidrag til seterdrifta og seteranlegget, jobber Grøvudalslaget aktivt for å ivareta dalen, miljøet og setra. Til årsmøtet et *alle* velkomne.
- Laurdag blir det sal av kaffi, vaflar og pølser på setra frå klokka 12.
- Klokka 14 blir det eit musikalsk innslag, meir informasjon kjem så snart det er spikra.
- Klokka 15 blir det eit innlegg om verning av vassdrag, sidan dette diverre har blitt aktuelt igjen. Vi får sannsynlegvis besøk av Naturvernforbundet.
- Klokka 17 blir det kurs i polsdans frå Nordmøre ved Rune Hanem og Silje Osnes (som i fjor - det var kjempesuksess!). Tor Erik Jenstad speler trekkspel.
- Klokka 19:30 slår vi på stortromma og serverer rømmegraut rett frå ostegryta. Han serverast sjølvsagt med spekemat og saft attåt.
- Etter maten blir bålet tent, og det blir musikk og dans på setervollen inn i dei seine nattetimar. Spelemenn er Tor Erik Jenstad, Yngve Rekdal og Harald Velsand.
- Det er sjølvsagt muleg å kjøpe deilege seterprodukt heile helga.
-------------------------------------------------------------------------------------
Vi vil understreke at vi helst vil at folk skal overnatte og få med seg serveringa på kvelden, det er då vi slår på stortromma og ordnar i stand til fest! 💃🏼
Dersom interessa er stor er det muleg å arrangere ein guida tur lenger inn i dalen på søndag. Her finst både jettegryter, mykje historie og ein spanande flora!
Vi gler oss! Ta med deg heile familien og kom, dette arrangementet passar for både store og små. Vel møtt!
Also check out other Festivals in Sunndalsora.