Dronning Ingerid - Ei ganske sann historie, 10 December | Event in Sunndal | AllEvents

Dronning Ingerid - Ei ganske sann historie

Sagastad

Highlights

Wed, 10 Dec, 2025 at 07:00 pm

3 hours

Sjøgata 41, 6770 Nordfjordeid, Norway

Advertisement

Date & Location

Wed, 10 Dec, 2025 at 07:00 pm to 10:00 pm (CET)

Sjøgata 41, 6770 Nordfjordeid

Sjøgata 21, 6770 Nordfjordeid, Norge, Sunndal, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

Dronning Ingerid - Ei ganske sann historie
Bli med på Dronning Ingerids livsreise gjennom Anna Zehentbauers levande tolking av sogene!
Omkring år 1120 sende Kong Ragnvald Knapphovud av Sverige si eigenrådige dotter Ingerid til Danmark for å skape fred og forsoning med nabolandet. Det blei byrjinga på ein blodig familiesaga med taktisk spel, utruskap og hemndrap.



Fødd prinsesse, la Ingerid Rangnvaldsdotter etter kvart Norden for sine føter. Mennene hennar døydde som fluger, medan Ingerid med si sprengkraft trakk i trådar, krona sønene som kongar og nær sagt la under seg halve kongeriket Noreg. Bli med på den halsbrekkande reisa Ingerid tok frå Uppsala i Sverige til Stårheim i Nordfjord.



Framsyninga er ein monolog der det meste kan skje; fra spøk til blodig alvor, filosofering om verda no og då, The Big Bang, og om Ingerid til slutt fann indre ro på Stårheim eller kjempa til siste andedrag.



Anbefalt aldersgrense 12 år.



Forestillingslengde: 1 time. (ingen pause)



Forestillingar:

Onsdag 10. desember kl.19.00 (Ny-premiere)

Torsdag 11. desember kl.19.00

Fredag 12. desember kl. 19.00

Laurdag 13. desember kl. 15.00



Faktaboks om Ingerid:

Om Dronning Ingerid:

● Fødd i Uppsala, Sverige i ca 1105

● Dronning av Noreg på 1130-tallet

● Gift fire gonger og fekk ti barn

● Ektefeller: Henrik Skadelår, Harald Gille, Ottar Birting og Arne Ivarsson av Stårheim

● Born: Kong Magnus (Henriksson), Riksjarl Ragnvald Henriksson, Hertug Knut Henriksson, Hertug Buris Henriksen, Kong Inge (Krokrygg), Orm «Kongsbroder» Ivarsson, Inge Arnesson, Bisp Nikolas (Arnesson), Filip Arnesson, Margrethe Arnesdotter

● Døyde på Stårheim, Norge i ca 1161



Team:

Prosjekteigar, idé og skodespelar/innvendig auge: Anna Zehentbauer

Regi/utvendig auge: Anna Dworak

Produsent: Johanna Øyno

Kostymedesign: Cesca Dvorak

Illustrasjon plakat: Kristine Amalie Angvik



Produsert av Whaleinthesky Produksjoner i co-produksjon med Sagastad.

Prosjektet var først støtta av Kulturrådet Norsk Kulturfond, Fond for utøvende kunstnere, Fritt Ord, Bergesenstiftelsen, Fond for Frilansere og Stad Næringsfond. Gjenopptakinga er støtta av Sparebanken Norge, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Scenekunstbruket.

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

Tickets for Dronning Ingerid - Ei ganske sann historie can be booked here.

Advertisement

Nearby Hotels

Sjøgata 41, 6770 Nordfjordeid, Norway, Sjøgata 21, 6770 Nordfjordeid, Norge, Sunndal, Norway
Reserve your spot
Ask AI if this event suits you

Host Details

Sagastad

Sagastad

Are you the host? Claim Event

Advertisement
Dronning Ingerid - Ei ganske sann historie, 10 December | Event in Sunndal | AllEvents
Dronning Ingerid - Ei ganske sann historie
Wed, 10 Dec, 2025 at 07:00 pm