Forfattarane Maria Parr, Martin Baldysz og Hilde Myklebust bur alle tre i Vanylven og er forfattarar på @Det norske Samlaget. Dei har gjeve ut ei rekkje bøker i mange sjangrar gjennom ei årrekkje, men det er fyrste gong alle tre slepper ny bok samstundes.
Dette er vel verd ei storfeiring!
Denne ettermiddagen får du møte alle tre forfattarane på Fiskå Brygge.
Klokka 17 får barn og vaksne møte og høyre på Maria Parr. Med seg har ho sin faste, fantastiske illustratør @Åshild Irgens. Dei vil lese, fortelje og teikne frå den flunkandes nye boka "Oskar og eg - Alle tinga vi har", og jammen kan det vanke is attpå!
Klokka 20.30 er det duka for vaksenarrangement.
Også her vil Maria Parr og Åshild Irgens lese og teikne frå nyeboka.
Så skal det dykkast inn i diktsamlinga "Kvit stig morgon skir" frå Hilde Myklebust si hand, og Martin Baldysz sin nye kriminalroman "Stille grender".
Det vert høgtlesing, og samtale med Katerina Vik frå Samlaget.
Kanskje vert det eit og anna premiedryss også?
Heile denne ettermiddagen/kvelden vil kommunen sin fremste bokhandel, @Synste Møre, vere til stades og selje dei tre aktuelle titlane. Forfattarane vil signere bøkene sine til alle som måtte ynskje det gjennom heile ettermiddagen/kvelden.
Hjarteleg velkomne til ei litterær storhending på Fiskå Brygge!
P.g.a. mange gjestar denne dagen, er det best å bestille bord for den som ynskjer middag. Bestill på 70 33 05 22