Yoga & kajakk i Indre Ofredal - Fullbooka, 29 August | Event in Stryn | AllEvents

Yoga & kajakk i Indre Ofredal - Fullbooka

Bulder & Brak Opplevingar

Highlights

Fri, 29 Aug, 2025 at 06:00 pm

Indre Ofredal ne fø' sjøen

Advertisement

Date & Location

Fri, 29 Aug, 2025 at 06:00 pm - Sun, 31 Aug, 2025 at 03:00 pm (CEST)

Indre Ofredal ne fø' sjøen

Stryn, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

Yoga & kajakk i Indre Ofredal - Fullbooka
Workshop Yoga & Kajakk
Det er ei stor glede å kunna invitera til Yoga & Kajakk ved fjorden i Indre Ofredal i samarbeid med Katrin frå Yomasofi. Yogainstruktør Katrin vil ta oss gjennom 4-5 økter med Anahata Yoga i løpet av helga, og er vêret fint kan me gjennomføra yogaøktene utandørs på den flotte kaien ved fjorden. Med berre lyden av bølgjeskvulp og elvesus å lytta til, blir dette ei helg for å finna ro og ny energi.

Om Anahata Yoga:
Anahata Yoga handlar om å leda med hjarte i alt ein gjer. Ved å snu fokuset innover i oss sjølve blir me meir medvitne vår eigen kropp, og vil visa godleik i tankar, ord og handlingar mot oss sjølve og andre. Me vil opna opp indre blokkeringar for ein fri flyt av energi. Gjennom desse rolege, fine rørslene tonar me kroppen frå innsida, og oppnår bedre sirkulasjon, pust, energi, vitalitet og kreativitet. Me tillet kroppen å hela seg sjølv betre og forstår at kroppen sitt potensiale er så mykje større enn me trur. Ved å ta ansvar for oss sjølve kan me læra å takle utfordringar betre, både på det fysiske og psykiske plan.

Ta med eiga yogamatte, varme klede og varme sokkar til å ta på i slutten av kvar økt. Katrin tek med resten av utstyret ein treng. (Me har nokre ekstra matter til låns dersom nokon treng)

Kajakk
Yoga og kajakk utgjer ein perfekt kombinasjon. Padling er ein aktivitet som krev at ein er tilstades mentalt, at ein pustar og bevegar kroppen - akkurat som yoga. Du kan også få prøva SUP-brett om du ønskjer det. Me stiller med erfarne instruktørar til aktivitetane. Du treng INGEN førkunnskapar for å ta del i verken yogaøktene eller padlinga. Me tilpassar nivået til den enkelte, og noko av poenget er å læra noko nytt, kjenna på meistring og ha det moro.

Ta med:
Ullundertøy / lette treningsklede til å ta på under tørrdrakta

Caps /solkrem

Klesbyte / handklede dersom ein blir blaut

Varme klede til å ha på på land

Drikkeflaske / snacks til tur

Du kan velja mellom:
1) introduksjonskurs havpadling (3 timar) (inkl våttkort)

2) guida tur (3-4 timar)

3) Vera med på både 1) og 2)

Overnatting
Me overnattar i dei historiske bygningane nede ved fjorden i Indre Ofredalen. I tidlegare tider var Ofredalen eit handelssenter, og den gamle saga er under restaurering i desse dagar. Historien til denne staden er svært interessant. Me deler måltid og aktivitetar saman her.

NB! Romma er twinrom (2-sengsrom) med ferdig oppreidde senger.

Mat
Katrin brenn for ei heilheitleg tilnærming til kropp og helse, og me vil ha fokus på mat som gjer kroppen vår godt. Menyen vil i hovudsak vera vegansk/vegetarisk. Katrin er sjefen på kjøkkenet, men for dei med interesse kan det bli aktuelt å laga mat i fellesskap.

MENY KJEM

*Har ein øvrige behov/allergiar må ein melda frå, evt ta med eigen mat.

Pris:
Totalpris: kr 4200,- pr person inkludert alt.

Betaling: Me sender faktura med betalingsfrist 3 veker på førehand. Betaling sikrar deg plass.


You may also like the following events from Bulder & Brak Opplevingar:

Also check out other Health & Wellness events in Stryn, Workshops in Stryn.

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

Tickets for Yoga & kajakk i Indre Ofredal - Fullbooka can be booked here.

Advertisement

Event Tags

Nearby Hotels

Indre Ofredal ne fø' sjøen, Stryn, Norway
Reserve your spot

Host Details

Bulder & Brak Opplevingar

Bulder & Brak Opplevingar

Are you the host? Claim Event

Advertisement
Yoga & kajakk i Indre Ofredal - Fullbooka, 29 August | Event in Stryn | AllEvents
Yoga & kajakk i Indre Ofredal - Fullbooka
Fri, 29 Aug, 2025 at 06:00 pm