Sjelerytme ✨, 17 October | Event in Stryn | AllEvents

Sjelerytme ✨

Yomasofi

Highlights

Fri, 17 Oct, 2025 at 06:00 pm

Sjelerom, Tinggata 6, Stryn

Advertisement

Date & Location

Fri, 17 Oct, 2025 at 06:00 pm (CEST)

Sjelerom, Tinggata 6

Tinggata 6, 6783 Stryn, Norge, Stryn, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

Sjelerytme ✨
Katrin og Helle har gleda av å invitere deg til eit lite og intimt retreat på Sjelerom i Stryn hausten 2025.

Me ynskjer å skapa rom for alt du er, ein trygg og varm plass der du kan synga høgt, vise oss kven du er og vere sikker på at du er elska når du er stille og når du stormar.

Me har kalla retreatet Sjelerytme, for me har alle vår eigen rytme og er på forskjellige stader i livet. Likevel kan me møtes og vere der for kvarandre og bli holdt av kvarandre. Me ynskjer med dette retreatet og så frø for nettopp denne måten å vere med kvarandre på.

Me let helga utvikle seg i tråd med det me ynskjer å formidla - Gjennom å leda med hjertet, i flyt med livskrafta. Å kunne lande i nuet og kjenne kontakten med den kreative styrke - og korleis den uttrykker seg for deg.

Denne helga vil by på:

FREDAG
🍁18-21: Velkomst Kakaoseremoni - for å lande i kroppen, sette intensjonen for helga og knyte band til fellesskapet.
Me vil utforske stemme og bevegelse sammen i guida øvelsar, med rom for den naturlege flyten å ta over.

LAURDAG
🍁10-12: Leikende Rebell Yoga - Ei ærleg praksis for å komme nærare deg sjølv, utan krav, utan fasade - berre rom og nærleik for det som er sant. Me startar i sirkelen, med ein kopp te og nærvær før me går djupare innover.

🍁 12-14: Etter yoga samlast me til "Korgafest" - eit måltid der alle tek med seg ein liten rett å dele - heimelaga eller kjøpt, alt er velkomment. Det skal ikkje vere noko stress - tanken er deling og fellesskap.

🍁 14-16: Vandring - Lytte til naturen, og korleis den spegla seg i deg. Utforsking av nærvær i kvar lyd og bevegelse, frå naturen, frå kroppen.

🍁 19-21: Felles middag på Sjelerom - laga med kjærleik og gåver frå naturen, - og kanskje ventar ei søt overrasking til slutt?

🍁Konsert - la deg sleppe taket i dagen og alt som har vert. Lytt i ro, legg deg ned, dans - eller syng med. Motta - musikken, stemninga, deg sjølv.

SØNDAG
🍁10-14: Leikende Rebell Yoga,
Avslutningsseremoni med Kakao meditasjon, stemmekraft og lydbad. For å knyte sløyfa rundt energien me har skapt denne helga, og så frø for det du vil ta med deg videre på di reise.
*Det vil bli ein pause midt i, for frukt og snacks.

*Programmet avsluttes kl 14.00, men det er tid for å ete lunsj, prate litt og klemme før ein reise vidare.

**Dette er eit omtrentlig og åpent program, me er fleksible ift vær og at andre ting kan oppstå, ingenting er satt i stein 🌱
Slik vil det óg kunne forme seg i ein naturleg rytme som blir til det beste - Hugs me skapar denne helga saman - Din energi er ditt unike bidrag til dette retreat 🌸



PRAKTISK INFO:

🌿TID:
Fredag 17. oktober 18.00 til Søndag 19. oktober kl. 14.00

🌿TA MED: vatnflaske, notatbok, komfortable klede, mat (lunsj laurdag, og evt søndag). Matter/pledd og bolstere finnes på Sjelerom.

Treng du overnatting, kan me vere behjelpeleg med tips. Det er campingplasser, hotell og hytter i nærleika.


🌿PRIS: 2490,-
(inkluderer seremoniell kakao, felles middag laurdag, te og frukt. Betalinginfo kjem ved påmelding)


🌿PÅMELDING OG SPM:

Katrin - 90021654

Helle - 95782137


Kom akkurat som du er. Me gleda oss til å møtes i nærvær og sjelerytme 🌸


Frå Katrin:

Eg leve for heile reisa - ikkje berre målet. For eit liv i takt med naturen, der eg finn mitt sanne uttrykk gjennom stemma og kroppens naturlege bevegelse. Hjartet mitt bankar for rom der me kan møtest i nærvær, dele det ekte, og minnast at me aldri går heilt åleine.
Instagram: @yomasofi


Frå Helle:

Heihå! Eg er ei dame frå Nordmøre som no bur på Voss. Eg brenn for fellesskap! Eg er musikar, driv heimeskule med borna, loffar rundt i fjellet og skogen og finn stadig ny meining med å leva!
Instagram: @hellekarlsdottir




Also check out other Health & Wellness events in Stryn, Concerts in Stryn, Music events in Stryn.

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

To stay informed about ticket information or to know if tickets are not required, click the 'Notify me' button below.

Advertisement

Event Tags

Nearby Hotels

Sjelerom, Tinggata 6, Stryn, Norway

Just a heads up!

We have gathered all the information for you in one convenient spot, but please keep in mind that these are subject to change. We do our best to keep everything updated, but something might be out of sync. For the latest updates, always check the official event details by clicking the "Find Tickets" button.

Get updates and reminders

Host Details

Yomasofi

Yomasofi

Are you the host? Claim Event

Advertisement
Sjelerytme ✨, 17 October | Event in Stryn | AllEvents
Sjelerytme ✨
Fri, 17 Oct, 2025 at 06:00 pm