Sudan Dudan kjem til Ungdomshuset Fjellvarden på Fjelli onsdag 15.oktober kl.2000
Sudan Dudan duoen med Anders Erik Røine og Marit Karlberg, har eit trufast publikum i folkemusikkmiljøet og langt utover det. Dei står fjellstøtt i tradisjonsmusikken gjennom song, langeleik, fele og munnharpe, men finn også inspirasjon i både country, bluegras, ørkenblues og salmesong. Sudan Dudan har eksistert som duo sidan tidleg på 2000 og er kjende for sitt nedstrippa og råe lydbilete. Gode tekstar, tette harmoniar og spenstig improvisasjon.
"De har jo lagt lista, vil jeg si. Det er ingen som er bedre enn dem. Det er det bare ikke. " (Tuva Syvertsen, om Sudan Dudan)
Duoen har gjeve ut fire plater. Den siste, Heimen der ute, kom etter i 2018 – og vart omtalt slik i Folkemusikk: «Det finnes en rekke gode duoer her i verden. De beste av dem skaper en ny stemme ut fra to eksisterende, og ofte også noe ganske nytt fra etablerte formler. Det har også Sudan Dudan gjort.»
Du finn meir om Sudan Dudan her:
Musikk:
https://open.spotify.com/intl-fr/artist/240mjnIT3x4MWg5ZaoaYrO?si=UXRcpuc-QEqqGDqgThxhxA
Heimeside:
http://sudandudan.no/
Etter konserten vert det ei kort danseøkt til musikk av Volda sitt spelemannslag Øyrafolk under Jorun Marie Kvernberg si leiing. Få med dykk folk og kom!
Billettpris: 250 kr for vaksne.
Alle under 20 år går gratis, og vi vil prøve å få til litt kafe som vanleg.
Spelemannslaget Fjelljom arrangerer i samarbeid med Førdefestivalen.
Also check out other Concerts in Stryn, Arts events in Stryn.