PEDEHUSVEKA 2025 inviterar til hyllest av natur, blomar og musikk. Margreth Olin, Finn Tokvam, Hekate, "Hyen Spesial" og polsdans frå Røros er noko av det du kan oppleve.
Årets festdagar i Pederhuset vert heilt oppunder jonsok, og dette pregar programmet. Intimkonsertar, samtalar, blomekransbinding, vestlandsk humor og sommardans skal sette sitt preg på dagane 20.-22. juni i Breim.
For sjette året arrangerar Pederhusets Vener med Sigrid Moldestad i spissen kulturdagar i Breim. Veka startar allereie første veka i juni då Moldestad og Mari Andrea Næss besøker alle skulane i kommunen med eit eige folkemusikk og -danseopplegg for 5.-7. klassane. Dette er eit vellukka samarbeid DKS i Gloppen kommunen og Pederhusets Vener har hatt dei siste par åra.
Fredag 20.06
18.00: Opningskonsert "Hyen spesial" med Fredrik Hope og Marthe Aa
19.15: "Frå Bayern til Nordfjord" . Humørfylt foredrag om øl med Roger Sevrin Bruland i Estebaren. Smaksprøver inkludert i prisen. PS! begrensa plassar og registrerte deltakarar.
20.00: Fyrespel med Ravnestad & dei pårørande + Arnastrilen
21.30: Dansekonsert med rørosingane Tron Steffen Westberg og Magne Haugom
23.00: Klubbkonsert i tunet med Reolo ( Anders Røine, Hans Hulbækmo, Rasmus Kjorstad og Magnus S. Nergaard.
Laurdag 21.06
10.00: "Truse og torader" + noko attåt. Kaffi - Bryggja ved Breimsvatnet
13.00: Vokalkonsert med Hekate trio i Trafoen.
( Malin Alander, Synnøve B. Plass og Silje R. Liahagen)
Startar med at Kristin Sandal fortel om planane med den gamle trafostasjonen på Reed.
15.00: Eit møte med Vossabia, Renate Lunde, i Pederhuset. Fri inngang. Fyrespel i tunet.
18.00: Breimshallen opnar. Breim Bygdekvinnelag har kafe med varm mat og kaker.
19.00: "Velkomen" . Suksesshowet frå Bergen med Finn Tokvam.
21.00-01.00: Sommardans med Madam Jam, Farstad & Farstad, Ravnestad & dei pårørande, Hekate, Tron Steffen Westberg og Magne Eggen Haugom mfl
Søndag 22.06
12.30-13.00: Gamal & ung.
Barnesong og leikarring med Elin Grytting og Mari Andrea Ness.
13.00: Søndagskonsert i stova med Øyvind Sandum og Roger Tallroth
14.30: Margreth Olin, fedrelandet og song til mor.
Bokbad og prat leia av journalist Gunnhild Sindre. Salg og signering.
16.15 Jonsokhistorier og trolltonar med Sigrid Moldestad og vener.
16.45 og utover: ALLSPEL
Nerde-Laurdag:
10.15-12.45: POLSKURS spel
10.15-12.45: POLSKURS dans
Sidsel Sandal Seljeset sine akvarellar vil prege tunet i løpet av heile helgja. Ho har måla årets festivalplakat.
Forøvrig vert publikum oppmoda om å bære blomekrans i håret og ellers nyte sommarnatt-den ljosaste i året..
Arrangert av Pederhusets Vener med stønad frå Kulturdirektoratet.
You may also like the following events from Pederhuset:
Also check out other
Arts events in Stryn.