På biblioteket fredag 29. august kl. 19.00 får vi besøk av den kjende astrofysikaren og gode formidlaren Knut Jørgen Røed Ødegaard som vil fortelje om kosmiske mysterier og spektakulære fenomen. Dette foredraget er vel verdt å få med seg!
Nye superteleskop på bakken og i rommet er i ferd med å revolusjonere kunnskapen vi har om Universet. Nye «vindauge» mot rommet gjev oss eineståande innsikt i dramatiske, mystiske og spektakulære fenomen.
Nokre tema som Ødegaard vil ta opp:
Bevis for liv på ein planet utanfor Solsystemet
Finn vi Solsystemet sin 9. planet i haust?
Høyr om gjesten vi har fått frå eit anna solsystem
Vil du jobbe på Månen eller flytte til Mars?
Romheisar i løpet av 20 år
Sorte hol og ormehol
Mystisk mørk materie – spøkelsespartiklar?
For første gang ser vi Universets barndom
Historien sin voldsomaste eksplosjon
Total måneformørking 7. september
Andre aktuelle himmelbegivenheitar og mykje meir!
Gratis inngang