Endeleg har vi gleda av å invitere til bibelhelg for unge-vaksne i hembygda til Andrine, OLDEDALEN!
Dette vert ei annleis oppleving midt i eit eventyrleg og mektig landskap, og med oss som talar har vi fått Curt Westman! Finn allereie no fram almanakken og hald av Kristi Himmelfartsdagshelga onsdag 28. mai til søndag 1. juni 2025!
Oldedalen
Oldedalen er ein vakker dal som ligg i Stryn kommune, omringa av majestetiske fjell, ville fossar og eventyrlege brear. Berre sjå her:
I mai er Oldedalen på sitt absolutt vakraste, med snø på fjelltoppane, lysegrøne fjellsider og turkis brevatn (berre spør Tore Ørjasæter, Elias Blix og Bjørnstjerne Bjørnson)! Nettopp derfor legg vi denne bibelhelga til denne årstida.
Les gjerne meir her:
https://www.nordfjord.no/Oldedalen
Målgruppe
Målgruppa for bibelhelga er unge-vaksne i alderen 20 – 45 år (med evt. baby opp til 1 år), men møta og bibeltimane er opne for alle, i alle aldarar! De som er utanfor målgruppa kan med andre ord ordne overnatting sjølv og delta på bibeltimane og kveldsmøta.
Oldedøler, Oldarar, Vikjarar, Loarar, Stryningar og andre lokale er ekstra velkomne til bibeltimane og kveldsmøta!
Ljosheim Kapell
Nede på dalbotnen mellom gardar og jorder ligg det vesle kapellet Ljosheim der vi skal samlast til bibeltimar på føremiddagen og kveldsmøter på kvelden. Det er 3,6 km frå Ljosheim kapell til Melkevoll Bretun, der vi skal sove.
Aktivitetar
På dagtid vert det invitert til fjellturar av ulik vanskelegheitsgrad i området. Når Andrine skal beskrive turmoglegheitene i området, forstår dykk snart at det ikkje held med ei langhelg dersom ein skal få med seg det beste av det inste Nordfjord har å by på. Vi håpar likevel at de får med dykk nokre av naturperlene som er her, og at dette blir ei helg full av flotte minner til å lime inn i minneboka! Vi kan skilte med moglegheit for tur til blant anna tur Briksdalsbreen, Brenndalsbreen, Kvamssetra, Flatsteinbu, Kattanakkjen og Hoven. Les meir om turane under "diskusjon".
For dykk som ikkje er så glade i å traske i fjellet blir det mogleg å slappe av og nyte livet utan å trekke opp i høgda. Det er mogleg å buldre ved campingplassen, leige kano eller trøbåt ved på Oldevatn Camping eller Yrineset, fiske eller oppleve lokalmat ved Trollbu Aabrekk Gard. Andrine har også høyrt rykter om at vi får ein robåt til disposisjon denne helga.
På campingplassen er det badstu og moglegheiter for isbading i elva, og det er også mogleg å leige badstu på Yrineset. Ønskar du å invitere nokon på date er det mogleg å ta seg råd til ein finare middag på Briksdalsbre Fjellstove. Har kan du og få kjøpt troll og andre souvenirar.
Sarepta
Bibelhelga er lagt inn under organisasjonen Sarepta, og alle er hjarteleg velkomne til denne bibelhelga uansett bakgrunn eller tilhørigheit, og uavhengig av om du reknar deg som ein kristen eller ikkje. Sarepta driv misjonsarbeid i Norden og i Spania, og arbeider for at stadig fleire mennesker skal få møte Jesus Kristus til frelse og nytt liv, og leiast inn i Guds Ord, Bibelen. Sarepta ønskar å skape møteplasser mellom Guds Ord og mennesker, og vi håpar og trur at Oldedalen kan få bli ein slik møteplass denne helga. Les gjerne meir på Sareptas heimeside:
https://misarepta.com/
Talar
Curt Westman har vore med oss som talar på unge-vaksne bibelhelg for nokre år sidan, og vi er veldig takknemlege for at han nok ein gong har takka ja til å dele ei langhelg med oss! Curt har bakgrunn frå Norsk Luthersk Misjonssamband, Åpne Dører og Norea Radio i Noreg og Sverige. Han er opprinneleg frå Nord-Sverige, men bur i Tønsberg med kona Arnhild, som han har fem barn med. Sjå for deg å kunne sitje å lytte til hans visdom etter å ha vakna til bruset frå fossane og fuglekvitter, eller etter at du er mett på inntrykk etter ein luftig tur til toppen av Kattanakken eller Hoven. Det blir verkeleg noko å sjå fram til!
Overnatting
Innst i Oldedalen mellom Briksdalsbreen og Melkevollsbreen ligg campingplassen Melkevoll Bretun. Campingplassen er vanskeleg å beskrive med ord, så sjå heller denne:
Her organiserer vi overnatting på hytter av ulik størrelse. Det er då mogleg å overnatte på dobbeltrom eller enkeltrom. Vi har avgrensa med enkeltrom, så her er det førstemann til mølla!
Les meir om hyttene her:
https://www.melkevoll.com/hytter-2024
NB! Hyttene er fullbooka!
Det er også mogleg å sove i telt, som er eit billigare alternativ. De må då ta med dykk telt sjølv. Dette treng ikkje bookast på førehand, og ein betalar direkte i resepsjonen ved ankomst.
Det er også andre overnattingsmoglegheiter i området, og det er fullt mogleg å ordne overnatting på eiga hand. Hugs likevel på melde deg på i påmeldingsskjemaet.
Mat
Frukost serverast i grillhytta på Melkevoll Bretun, medan vi et middagen i kjelleren på Ljosheim Kapell. Denne får vi tilkøyrd frå Innvik Fjordhotell.
Pris
Deltakeravgift inkl. frukost, nistesmøring til lunsj og middag heile helga: 1200 kr
(foreløpig pris med atterhald om mindre justeringar)
Overnatting i hytter på Melkevoll Bretun - NB! Hyttene er fullbooka!
· Dobbeltrom hytte 3 netter: 1200 kr per pers
· Dobbeltrom hytte 4 netter: 1600 kr per pers
· Enkeltrom hytte 3 netter: 1500 kr per pers
· Enkeltrom hytte 4 netter: 2000 kr per pers
· Eiga hytte for to personar 3 netter: 1575 kr per pers.
· Eiga hytte for to personar 4 netter: 2100 kr per pers.
· Andre prisar (til dømes overnatting i telt) finn dykk her:
https://www.melkevoll.com/prisar2024
Påmelding
Fyll ut dette skjemaet:
https://forms.gle/iKKg4Ex2hUSMRR156
Påmeldingsfrist
- 28. mars om du ønskar å sove på hytte på Melkevoll Bretun.
NB! Avmelding etter dette gir ikkje refusjon av innbetalt beløp.
- 30. april om du ordnar overnatting sjølv. Avmelding etter dette gir ikkje refusjon av deltakaravgift.
Alt overskot går til Sarepta.
Transport
Vi oppfordrar til samkøyring. Ta kontakt om du har plass i bilen eller om du har behov for å sitte på, så skal vi prøve å organisere transporten på best mogleg måte.
Det er mogleg å ta buss til Stryn frå Oslo, Bergen eller Trondheim, eller komme med tog til Otta, og ta buss til Stryn derfrå. Sei ifrå i god tid til Andrine eller Marianne om du trenger å bli henta der.
Ved spørsmål kan du kontakte Andrine:
YW5kcmluZWt2YW1tZSB8IGhvdG1haWwgISBjb20=
99599452
Akkurat DU er hjarteleg velkommen! Kom som du er, midt i livet som det er.
Stor klem frå Andrine Kvamme Bergsland som har fått med seg Marianne Nørstrud på dette fantastiske opplegget!
Also check out other Trips & Adventurous Activities in Stryn.