Babettes gjestebod a la Gloppen Hotell, 27 September | Event in Stryn | AllEvents

Babettes gjestebod a la Gloppen Hotell

Gloppen Hotell

Highlights

Sat, 27 Sep, 2025 at 05:30 pm

Gloppen Hotell

Advertisement

Date & Location

Sat, 27 Sep, 2025 at 05:30 pm (CEST)

Gloppen Hotell

Sørstrandsvegen 16, 6823 Sandane, Norge, Sandane, Stryn, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

Babettes gjestebod a la Gloppen Hotell
Laurdag 27.09.2025 gjentek vi suksessen og arrangerer på nytt Babettes gjestebod. Det er matfestival i bygda, Matamål, og kva passer vel bedre enn å kombinere disse to feiringane av matglede.

Vi ønsker å gjenskape magien frå denne kjende novella av Karen Blixen. Stemninga, matgleden og varmen er fantastisk! Ei feiring av livet, av kokkekunsten - der maten skapar ei høgtid og foreiner mennesker.

Hovudpersonen i novella «Babettes gjestebud», av Madame Babette Hersant, var opprinneleg ein glimrande kokk på den kjende restauranten Cafe Anglais i Paris, før ho på grunn av borgarkrigen flykta til Berlevåg i 1871. Etter 14 år med klippfisk og ølebrød hjå dei to fromme og strengt religiøse systrene, brukar Babette heile premien på 10.000 franc på eit fantastisk måltid for å markere den avdøde prosten sin 100-årsdag.

Menyen bestod av klassiske rettar frå rundt 1840 i Paris, med det beste av dei beste råvarene. Måltidet der den gode smaken var basert på ekte kjærleik, uforløst årelang ueinighet og stridigheiter blant menigheten sine medlemmar. Plutseleg blir dei forsonande og opplever korleis fellesskap og samhald kan oppstå ved eit godt måltid. Stemninga rundt bordet blei på eit vis nesten guddommeleg deilig.

Denne kvelden vil vårt kjøkken lage til den same menyen, med unntak av bruk av skilpadde som er freda, og med nokre tilpassingar, men vi håper og trur at dette blir eit kulinarisk høgdepunkt. Gjestfrihet set vi høgt her på hotellet og det er ikkje tilfeldig at vi steller til akkurat dette måltidet, som handler om nettopp gjestfrihet, varme og matglede.

Handlinga i novella foregår seg på same tid som Gloppen Hotell/Sivertsens Hotell vart etablert, på midten på 1800-talet. I Gloppen blir dette arrangementet noko nytt, og vi likar kombinasjonen av internasjonal matkunst, musikk av ypperste klasse og koblinga til bondesamfunnet.

Gjer deg klar til å dykke inn i ei anna verd saman med oss og denne kjende historia. Vi gler oss stort!

Her er kveldens meny:
o Kalveconsomme med små kalvekjøttboller og grava, lokal eggeplomme
o Blinis med kaviar, rømme og løk
o Vaktel på butterdeig
o Salat med rosiner og valnøtter
o Baba au rum (formkake)
o Ostar og frukt

Program:
o Kl. 17:30 - Velkomen.
o Kl. 17:40 - Filmen «Babettes gjestebud» blir vist. Pause undervegs.
o Kl. 20:00 - 6-retters middag med 5 glas drikkepakke.

Pris pr. person kr. 2195,- inkludert drikkepakke (med eller utan alkohol).

Overnatting i forbindelse med arrangementet: kr 795 per person (ved to personar i eit dobbeltrom). Enkeltrom kr 1195,-


Also check out other Workshops in Stryn.

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

Tickets for Babettes gjestebod a la Gloppen Hotell can be booked here.

Advertisement

Nearby Hotels

Gloppen Hotell, Sørstrandsvegen 16, 6823 Sandane, Norge,Sandane, Stryn, Norway

Just a heads up!

We have gathered all the information for you in one convenient spot, but please keep in mind that these are subject to change.We do our best to keep everything updated, but something might be out of sync. For the latest updates, always check the official event details by clicking the "Find Tickets" button.

Reserve your spot

Host Details

Gloppen Hotell

Gloppen Hotell

Are you the host? Claim Event

Advertisement
Babettes gjestebod a la Gloppen Hotell, 27 September | Event in Stryn | AllEvents
Babettes gjestebod a la Gloppen Hotell
Sat, 27 Sep, 2025 at 05:30 pm