Det nærmar seg 26. juli og 100-årsfeiring i Agjelda!
No har vi laga eit Facebook-arrangement, og flott om du melder deg på her. Det vil vere veldig nyttig for oss å vite omtrentleg kor mange som kjem!
Vi har skrive at vi skal ha ope hus, og det betyr at du er invitert, med det du ynskjer å ha med av følgje 😉 Alt no tyder det på at her blir gjester frå både nært og fjernt – vi trur her blir både naboar, ymse bønder, folk frå landbruksbransjen, slekt og vener elles. Vi gler oss!
Dato: Laurdag 26. juli. Kom gjerne innom på fredag, og bli gjerne til søndag.
Tid: Vi håpar folk tar til å kome i fire-fem tida på laurdagen, så det blir litt tid til å prate saman.
Frå om lag klokka 19:00 blir det servert heilgrilla gris, litt lam og tilbehør. Vi har rikeleg med vatn frå Agjeldselva tilgjengeleg, og litt brus o.l. Har du lyst på anna drikke, tek du det med sjølv.
Utpå kvelden blir det levande musikk frå duoen Triolight, og vi ordnar dansegolv. Og popcorn-maskin. Det er ikkje sett noko slutt-tid.
Klede: Ha på deg noko som er komfortabelt, som er tilpassa ute-temperatur. Blir det fint vêr, blir vi mest ute. Blir det regn ordnar vi tak.
På nærliggande teigar blir det festivalcamp viss du har med telt, lavvo eller combi-camp av ymse årgang, og her er nok skog til at du kan få opp ei hengekøye.
Vi kan ordne plass til campingbil, campingbuss og campingvogn (men det kan bli litt unna tunet) – berre gi beskjed!
Parkering: Vi har lite plass til parkering i tunet. Difor oppmodar vi flest mogeleg til å parkere på utsida av Agjeldstunellen (sjå kart), eller i Olden. Vi ordnar skyss opp i tunet (og nedatt).
Overnatting: Det er mengdevis med overnattingsplassar i området, men mange av dei er opptekne på denne tida. Du finn eit utval på nordfjord.no, der du også finn ymse annan nyttig informasjon. Gi beskjed om du er i stuss, så kan vi gi råd og tips.
Aktuelle hotell: Alexandra, Loenfjord, Olden fjordhotell (fullt), Innvik fjordhotell, Stryn hotell, Visnes hotell. Litt lenger unna: Gloppen Hotell, Skei hotell, Hjelle hotell.
Her er også svært mange campingplassar, diverse hytter og mykje privat utleige (m.a. Air bnb) i området.
Ynskjeliste: Vi har jamt over for mykje av det meste. Og vi forventar slett ikkje gåver. Vi blir glade for ting som du sjølv meiner vi treng. Treng du gåvetips: Her er ei liste:
- Gjerdestaur Octowood, kr 48 pr. stk
- HT nettinggjerde, kr 15 pr. meter
- Utemøblar
For desse gåvene er det enklaste er at du vippsar til Mård (91304204), som held styr på dette, så blir det ordna samla innkjøp. Dermed tek vi oss av momsen på staur og netting, som vi jo får att, så får du (og vi) mykje meir gjerde for pengane 😉
Vi ser fram til å sjå deg!