Forfattar og poet Odveig Klyve er like produktiv som ho er allsidig og utforskande. I 2025 fekk ho den høgthengande Herman Wildenweys poesipris, og no kjem ho til Kapittel med ein improvisert poesikonsert, som tek utgangspunkt i den kritikarroste diktsamlinga Fordi du er (Cappelen Damm 2023). Med seg på fiolin har ho sjølvaste Gjertrud Økland, best kjent som musikalsk leiar i Gjertruds Sigøynerorkester.
Konserten er ein dialog med dikt og musikk, om tru og undring, om heimlengt og reise, om avstand og nærleik, om flukt og det å begynna på nytt.
Velkommen til eit heilt unikt poetisk-musikalsk møte i Stavanger Domkyrkje, som du truleg seint vil gløyma.
Om FORDI DU ER:
«Hun får oss til å gruble over det evige: Hva er det å være? Og minner oss om dette viktige: Det er mirakelet som reddar verda frå ruin, at vi kan skapa det uventa.» Marianne Lystrup, Vårt Land.
Odveig Klyve har skrive elleve diktsamlingar og åtte barnebøker. Dikta hennar er omsette til mange språk, inkludert engelsk, fransk, tysk, italiensk, spansk, japansk, hindi, kinesisk og arabisk. I 2025 fekk ho Herman Wildenveys poesipris for den siste diktsamlinga si FORDI DU ER. Klyve har også skrive og regissert ei rekkje kortfilmar som er inviterte til filmfestivalar m.a. i Europa, USA og Latin-Amerika, India, Japan og Taiwan, og har fått fleire prisar. Kunstfilmane hennar er viste på galleri og kunstutstillingar som Haustutstillinga i Oslo og Rencontres Internationales i Paris.
Gjertrud Økland (f. 1963) er fiolinist og orkesterleiar, utdanna ved Norges musikkhøgskole og Lisztakademiet i Budapest. Sidan 1989 har ho leia Gjertruds sigøynerorkester, som har spesialisert seg på austeuropeisk sigøynarmusikk. Ho har spelt med mellom andre Wunderkammer, Magnetic North Orchestra, Randi Tytingvåg, Elias Akselsen og Thomas Dybdahl, og er tilsett i Stavanger Symfoniorkester.
Arrangementet er en del av Kapittel - Stavanger internasjonale festival for litteratur og ytringsfrihet, 17. - 21. september 2025. Mer informasjon, program og billetter finner du på www.kapittel.no.
Ved enkelte arrangement på Sølvberget og under Kapittelfestivalen tar vi bilder og video for dokumentasjon og til bruk i sosiale medier.
You may also like the following events from Kapittel:
Also check out other
Festivals in Stavanger,
Music events in Stavanger,
Arts events in Stavanger.