SYMRE kjem til Blackbird i høve lansering av ny plate «Ikkje noko for meg»! Låtskrivaren frå Morgedal får ofte skildringa finurleg, med skarp tekst og sjangerblanda musikk. Bandet har alle bakgrunn frå musikklina på Skien VGS.
Symre Taugbøl Bang (gitar og vokal)
Torjus Gravir Klykken (bass)
Jon Espelid (trommer)
Åsmund Skjeldal Waage (vibrafon og mellotron)
«Tekstane treffer tidsånda presist og set ord på erfaringar mange kan kjenne seg att i. Dette er ein kunstnar som ikkje tek seg sjølv så høgtidleg, og som meistrar å balansera leikenheit med tydeleg respekt for handverket.» - NOPA-stipendet jury 2025