SYMRE frå Morgedal kjem med bandet til Akkerhaugen Rocksamfunn i høve lansering av ny plate «Ikkje noko for meg»! Det blir musikk for einkvar smak, men alt frå riffete rock til vemodige viser.
«Tekstane treffer tidsånda presist og set ord på erfaringar mange kan kjenne seg att i. Dette er ein kunstnar som ikkje tek seg sjølv så høgtidleg, og som meistrar å balansera leikenheit med tydeleg respekt for handverket.» - NOPA-stipendet jury 2025
Åsmund Skjeldal Waage (vibrafon og mellotron)
Symre Taugbøl Bang (gitar og vokal)
Torjus Gravir Klykken (bass og kor)
Jon Espelid (trommer)