Utstillinga «Juletre i Ryfylke» kjem til Folkets Hus
Har du lurt på kven som pynta Ryfylke sitt første juletre?
Ryfylkemuseet si juleutstilling «Juletre i Ryfylke» tek deg på ei reise i juletrehistoria til Ryfylke. Utstillinga viser historiske tre frå Ryfylke frå 1874 og fram til 1960-talet, pynta etter skildringar frå dei som opplevde trea. Juletreet si historie er historia om overgangen frå bondesamfunn til industrisamfunn, om fellesskap, utdanning, innvandring og utvandring.
«Juletre i Ryfylke» har før vore vist i Suldal, men i år kjem utstillinga til Folket Hus i Sauda og barn frå Austarheim skule har vore med å pynta eitt av trea.
Velkomen til ei førjulsoppleving som både vekkjer nostalgi og gjev nye glimt inn i lokal historie.
Utstillingsopning: fredag 28. november kl. 16:00
Utstillingsperiode: 28. november - 17. desember
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No
Undo
Interested
Ticket Info
To stay informed about ticket information or to know if tickets are not required, click the 'Notify me' button below.