Har du lurt på korleis ein lagde vindauge før i tida?
På dette kurset skal me lage nye kopiar av eldre vindauge med kittfals i empirestil. Førebilete er vindauga til skulehuset på Jelsa. Vindauge med kittfals var vanleg å bruke i Noreg heilt fram til tida etter 2. verdskrigen då ein gjekk over til isolerglas. Kurset tek føre seg produksjon av alle delar til eit slikt vindauge, frå karm og ramme til sprosser. Vindauga blir i all hovudsak laga med handverktøy. Deltakarar må ha grunnleggande kjennskap til snikkararbeid.
Kurshaldarar er Sven Hoftun og Mark Laurenson, begge handverkarar på Ryfylkemuseet med inngåande kjennskap til produksjon og vedlikehald av slike vindauge.
Målgruppe: Handverkarar eller privatpersonar med grunnleggande kjennskap til snikkararbeid.
Stad: Sand, Suldal
Tid: Måndag 3. – fredag 7. november kl. 09:00 – 15:00
Pris og betaling: 2 500,- inkludert kursmateriale og lunsj. Betaling ved oppmøte eller faktura.
Påmelding: Påmelding innan 27. oktober til
YnlnbmluZ3N2ZXJuc2VudGVyIHwgcnlmeWxrZW11c2VldCAhIG5v
Påmelding er bindande etter påmeldingsfrist. Full betaling krevst sjølv utan oppmøte.
Eventuelle spørsmål kan rettast til same e-post.
#tradisjonshandverk #kursiålagevindu #tradisjonshåndverk #vindumedkittfals #kursforhandverkerar #kursforhåndverkere #bygningsvern
You may also like the following events from Ryfylkemuseet: