Scenegym: Scenetekstutvikling, 25 August | Event in Oslo | AllEvents

Scenegym: Scenetekstutvikling

Scenekunstkollektivet

Highlights

Mon, 25 Aug, 2025 at 10:00 am

Oslo teatersenter

Advertisement

Date & Location

Mon, 25 Aug, 2025 at 10:00 am - Fri, 29 Aug, 2025 at 03:00 pm (CEST)

Oslo teatersenter

Oslo, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

Scenegym: Scenetekstutvikling
SCENEGYM I SCENETEKSTUTVIKLING
25.-29. august, arbeidsvisning 2. september under Oslo Teatersenter sin 50-årsmarkering.

Haldt av Marie Longva Danielsen

Stad: Oslo Teatersenter
Kl 10-15 man-fre

Påmelding: https://docs.google.com/forms/d/e/1FAIpQLScJk1GSCdCaL3GfnWy5Y8_qhDbglVBkXopLObMV1jmmp8NYVw/viewform

OM KURSET:
“Er du glad i å skrive? Eller hatt ein draum om å skrive? Eller rett og slett er litt nysgjerrig og lyst til å prøve noko nytt?

Denne scenegymmen er for deg som både er erfaren innan skrivekunsten, og for deg som er heilt utan erfaring.

Vi vil sjå på igongsettande oppgåver for å starte ein skriveprosess, samt korleis vidareutvikle sceneteksten ved å sjå på og ta i bruk ulike tekstlige verkemidler, og ikkje minst å få arbeide med teksten på gulvet. Då vil vi bruke kvarandre slik at tekstforfattaren kan få oppleve korleis teksten gjer seg når utøvarar og ein instruktør arbeider med den.

Kurset vil ende i ei øvd lesing av tekstane den tirsdag 2. september under Oslo Teatersenter sin 50årsmarkering.

Eg tek med mi erfaring som dramatikar, dramaturg, skrivekurshaldar og regissør, samt bakgrunnen min som skapande skodespelar, og serverer eit kurs kor vi skal leike oss med tekst både individuelt og saman på gulvet. Kanskje lærer du noko nytt, eller kanskje kan du alt frå før, men kan få nytte av å få tilbakemeldingar på teksten/ane dine og ein moglegheit til å få arbeide med den på gulvet! (Om du sit inne med ein idé eller ein tekst som du kunne tenkt deg å vidareutvikle er det velkomment å ta den med!)

Vi startar kvar dag med ein fysisk oppvarming der vi skal vekke både kroppen, den leikande og kreative hjernen, og tilstedeværelsen.

Velkommen!”

OM SCENEGYM:
Scenegym er ein fem dagars workshop som endar i ei visning

Dette er eit gratis tiltak for profesjonelle scenekunstnarar i Oslo. Her skal vi skape ein inkluderande møteplass og visningsarena for det frie scenekunstfeltet, kor vi kan utforske, styrke kompetanse og skape saman.

Verkstadene er ope for deltakarar med ulik scenekunstneriske bakgrunnar(skodespelarar, dansarar, tekstforfattarar, musikarar, kostymedesignerar osv.)

OM KURSHALDAR:
Marie er utdanna skodespelar og teaterskapar fra East 15 Acting School i England (2019). Ho arbeider som frilans skodespelar, dramatikar, dramaturg og regissør, og er medgrunnleggar av teaterkompania: Scenekunstkollektivet, som arbeider med kompetansedeling og utforsking på tvers av de ulike scenekunstfagene, og kompaniet The Cult som har som mål å skrive og sette opp «farlig» scenekunst. I 2021 var ho deltakar i Debutantprogrammet til UNG TEKST, der ho skreiv sceneteksten «Eg slepp ho aldri», som var ein av vinnartekstane under Norsk Dramatikkfestival 2023.


Also check out other Workshops in Oslo, Arts events in Oslo, Theatre events in Oslo.

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

Tickets for Scenegym: Scenetekstutvikling can be booked here.

Advertisement

Event Tags

Nearby Hotels

Oslo teatersenter, Oslo, Norway

Just a heads up!

We have gathered all the information for you in one convenient spot, but please keep in mind that these are subject to change. We do our best to keep everything updated, but something might be out of sync. For the latest updates, always check the official event details by clicking the "Find Tickets" button.

Reserve your spot

Host Details

Scenekunstkollektivet

Scenekunstkollektivet

Are you the host? Claim Event

Advertisement
Scenegym: Scenetekstutvikling, 25 August | Event in Oslo | AllEvents
Scenegym: Scenetekstutvikling
Mon, 25 Aug, 2025 at 10:00 am